Nå vil bystyre legge ned plassane på Kløvertun for fysikalsk medisin og rehabilitering. Aktiviteten skal flyttast til Valhalla helsesenter. Helsesenteret skal legge ned 20 korttids plassar. Dette skal gjerast sjølv om me blir fleire eldre i byen. Nålauga for å få hjelp utanfor heimen vil bli trongare. Me må bli svært dårlege for å få plass på Valhalla. Byen sparar nokre millionar på denne flyttinga. Skal byen spare pengane på omsorg for å minke skatten på eigedom? Eg har ein diagnose som peikar mot rullestol og hjelp til alt. Kan eg vere trygg på at eg vil få den hjelpa eg treng, når desse plassane blir borte?

Dei fleste som treng plass på eldresenter, er lite skrive og taleføre personar. Utnyttar kommunen dette? Er Krf med på dette? Partiet skryt alltid av dei passar på dei svakaste av dei svake. Eller må me eldre få AP attende i ordførarstolen, for å kjenne oss trygge den siste tida me ha att å leve?