Men ein grøn næringspolitikk må omfatte langt meir enn energilagring. Eit lite land som Noreg må finne sin plass i dei framveksande grøne marknadene. Volumproduksjon av produkt som mange land satsar på samtidig, er ikkje alltid det mest optimale.

Prosessindustrien har solide tradisjonar i Noreg. Den produserer blant anna materiale som inngår i batteri, så det er ikkje unaturleg å satse på batteriproduksjon her i landet. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon. Vi bør også tenkje på nisjar og produkt som inngår i produksjonen slik Elkem har gjort med spesialgrafitt til anodar. Ein slik strategi der ein leverer til mange produsentar av batteri, gjer den nye grøne industrien mindre sårbar.

Batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon. Vi bør også tenkje på nisjar og produkt som inngår i produksjonen.

Eit anna eksempel er firmaet Pixii som leverer teknologi for overføring av straum frå nett til batteri og tilbake. I haust fekk selskapet Deloittes pris for raskast veksande teknologiselskap i Noreg. Pixii har no 100 tilsette og kontor i fleire land. Slike intelligente styringssystem som Pixii utviklar, vil vi trenge mange av i eit straumnett med store mengder fornybar energi som ikkje er kan styrast.

Grønt hydrogen frå fornybar energi har ein plass i det grøne skiftet. Hydrogen kan erstatte karbon ved framstilling av ein del metall, blant anna jern. Transportsektoren treng også hydrogen eller ammoniakk frå hydrogen for å nå målet om nullutslepp. Hydrogen har den fordelen at produksjonen kan tilpassast varierande tilgang på fornybar energi. Produksjon av grøn hydrogen her i landet bør sjåast i samanheng med ein strategi for utvikling av aktuelle bruksområde. Stabil masseproduksjon av hydrogen for eksport gir derimot få arbeidsplassar samanlikna med alternativ bruk av den grøne krafta.

Alf Holmelid

Produksjon og lagring av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men vi har lett for å gløyme at ein grøn industripolitikk må handle om langt meir. All industri må omstillast til nullutslepp. Ikkje minst prosessindustri og bygg og anlegg må utvikle teknologi for å fjerne utslepp. Det er nødvendig for å nå klimamåla våre og er langt på veg like viktig som å utvikle utsleppsfri energiproduksjon.

Vi må finne vår plass og våre konkurransefortrinn i dei verdikjedene som utviklar seg.

Når all industri skal bli utsleppsfri, må vi etter kvart komme bort ifrå å snakke om grøn industri i motsetning til anna industri. Ein grøn industripolitikk kan ikkje berre handle om produksjon og lagring av fornybar energi. Den må omfatte all industri og kombinere krav om nullutslepp med strategi for konkurransekraft og lønsemd. Dei tradisjonelle utfordringane for industrien blir ikkje borte med det grøne skiftet.

Omlegging til utsleppsfri industri er eit stort felles løft for samfunnet. Det vil krevje statleg risikoavlastning i form av lån og offentleg eigarskap. Men det må ikkje overskygge at også den utsleppsfrie industrien må bidra positivt til fellesskapet over tid. Det er den vi skal leve av i framtida. Vi må finne vår plass og våre konkurransefortrinn i dei verdikjedene som utviklar seg. Det kan vere krevjande i ein situasjon der mange land satsar samtidig, gjerne med betydeleg statleg støtte.

Vi må unngå å bygge ein einsidig og sårbar industristruktur.

God tilgang på elektrisk kraft til moderate prisar har vore ein hjørnestein i norsk industripolitikk. Energipolitikken er ikkje mindre viktig når vi no skal omstille bort ifrå fossil energi. Det er ikkje nok å seie meir av alt slik kraftprisutvalet formulerte det. Vi treng meir fornybar kraft, men det er lite som tyder på at det åleine vil sikre stabile konkurransedyktige prisar. Regjeringa må ta kontroll over kraftprisane og lage ein strategi for prioritering av dei miljøvennlege kraftressursane våre.

Skal vi utvikle norsk industri i samsvar med krava frå COP28, så må vi satse og ta posisjonar i dei nye grøne marknadene. Men vi må unngå å bygge ein einsidig og sårbar industristruktur.