For tredje gong har me søkt om fast driftstilskot frå Kristiansand kommune, og for tredje år på rad innstiller kommuneadministrasjonen på å avslå søknaden. Kommunen og politikarane har ein utfordrande økonomisk situasjon og pengane sit ikkje laust, det forstår me, men dyrtida råkar frivillige lag og organisasjonar like mykje. Difor må kommunen og politikarane våge å prioritere oss dersom dei meiner alvor med Kristiansand si satsing på dei frivillige og på mangfaldsarbeid.

Kristiansand kommune er og har lenge vore ein viktig støttespelar for FRI Agder og arbeidet for å betre skeive sine liv og livsvilkår i byen. Administrasjonen og kommunale tenester legg til rette og er behjelpelege når me har arrangement eller anna aktivitet, og politikarane løyver midlar gjennom ulike, mindre tildelingsordningar og gir oss ikkje minst støtte offentleg. Me var mange i miljøet som sette pris på at mangfald og skeive sine rettar blei løfta fram som ei avgjerande markeringssak under NRKs kommunevalsdebatt for Kristiansand under Arendalsveka i sommar.

Så er også kommunen sitt ansvar bevisst på dette fordi det er mykje arbeid som står att. Levekårsundersøkingar syner stadig at fleire skeive har dårlegare livskvalitet og større utfordringar enn gjennomsnittet av befolkinga, og haldningsundersøkingar syner at det framleis er mange førestillingar og motvilje mot skeive. Særleg på Agder.

Nazi-marsjen mot «homolobbyen» i 2017 var ein vekkar, og saman med kommunen og mange andre har me fått til mykje sidan det. I år var det heile ti pride-markeringar i Agder, og i Kristiansand farga Skeive sørlandsdager byen med regnbogen i over ei veke. Men for at denne gode utviklinga skal halde fram, og ikkje snu, er me avhengige av stadig støtte og fokus på mangfaldsarbeid. For, som angrepet i Oslo i fjor var eit grimt døme på, så er kampen ikkje over og der er krefter som ønskjer oss tilbake inn i skap og krokar.

FRI Agder gjer mykje i Kristiansand. Mest synleg er nok Skeive sørlandsdager i slutten av august, og dei mange arrangementa våre under Ein by for alle-veka veke 6. Utover dette har me også regelmessige møteplassar for skeive, som sosiale treff eller Skeiv idrett, og tematiske grupper som Foreldrenettverket for transungdom i sør. I tillegg deltek me i ulike brukarpanel og fungerer som ein høyringsinstans for kommunen, samt politisk arbeid.

Dette gjer me med stønad frå kommunen gjennom fleire mindre tilskot, men felles for desse er at dei skal gå til aktivitet, ikkje til drift. Men som mange lag og organisasjonar kan melde så er det nettopp drifta som ofte er vanskelegast både å få til og å få midlar til. Alle vil vere med å lage parade, men nokon må også halde rekneskap og skrive årsrapport. Per no går verva i FRI Agder på rundgang i miljøet, folk trør til for å ta ‘sin tur’, og me slit ut eldsjelane etter tur. Dette er ikkje unikt for FRI Agder. Dei fleste lag og organisasjonar vil kjenne seg att i dette. Men noko som er særskilt for oss er at me er ei lita gruppe med relativt få menneske å spele på.

Nettopp difor er stønaden frå Kristiansand kommune og det offentlege ekstra viktig for oss. Når me no bed om at denne blir utvida til eit årleg driftstilskot, slik at me kan tilsette ein administrasjonsressurs i halv stilling til å bistå og avlaste våre frivillige, er det ikkje fordi me ikkje er takksame for alt kommunen allereie gjer. Men me er sårbare og treng hjelpa.

Difor håpar me politikarane no følgjer dei andre norske storbyane og legg inn eit årleg driftstilskot til det lokale fylkeslaget i FRI, altså FRI Agder. Me har framleis mykje å gjere for skeive i byen, og eit kommunalt driftstilskot til FRI Agder vil gi så mykje att i mangfaldsarbeidet her at de faktisk ikkje har råd til å late vere.