Heilt ifrå min oppvekst har det vore ein sjølvfølgje å bøye seg for eit fleirtalsvedtak. Eg hugsar frå folkeavstemminga om EU i 1994 kor politikarane sa dei ville respektere valgresultatet uansett utfall. Dei rett og slett torde ikkje noko anna. Var det eit fleirtalsvedtak i ei fagforening, bøyde alle seg for fleirtalet. Når eit politisk parti skal stemme over politikken dei skal føre, føregår diskusjonen før landsmøtet. Når landsmøtet har fatta eit vedtak, bøyer alle seg for det.

No har Stortinget våga å tilsidesette ei folkeavstemming om kommunesamanslåing. Eg skal ikkje her koma med mitt personlege synspunkt, men eg kan seia at eg er forbausa over samfunnsutviklinga der politikarane torer å gå imot ei folkeavstemming. Eg likar ikkje å bruke sterke uttrykk, men dette var ærelaust, ynkeleg og moralsk forderva.

Heller ikkje godkjenner eg at det føregår ein diskusjon for og imot samanslåing etter ei folkeavstemming. Då handlar det ikkje lengre om synspunkt, men om moral. Personleg meinar eg dette er langt alvorlegare enn å trikse med reiserekningar eller at ektefellen til ein statsråd handlar med aksjer. Uansett sak vil eg alltid gje mi fulle støtte til resultatet av ei folkeavstemming, og det heilt uavhengig om eg er einig eller ikkje.

For meg er det slik at viss eg stemmer, følar eg at eg godkjenner at det i det heile kan føregå ein diskusjon etter at folket har talt. Dette er imot mitt samvit og min integritet.