Vi har sett det lenge at mannsrolla ikkje er så lett å finne. Ikkje alle gutar heng med i grunnskulen, og klarer seg ikkje så bra i vidaregåande. Dei vert taparar, får seg ikkje jobb, ender kanskje på uførepensjon i ung alder.

Desse gutane får heller ikkje dame, dei får dårleg helse,og finn ikkje ein god plass i samfunnet. Mange har spekulert på kvifor det er blitt slik.

Nokre punkter som eg meiner er i gutane sin disfavør er:

Mange veks opp med berre mor.

I barnehagen jobber det flest kvinner.

I skulen er det heller ikkje så mange menn.

Dette fører til at dei ikkje finn mannlege førebilete. Så vert dei sitjande på guterommet og «game».

Der ein gut, for nokre tiår sidan, kunne gå saman med far eller bestefar, og gjere mannsarbeid, er det smått stelt med slikt i dag. Heldige er dei som kan skru på traktoren, hogge ved, fiske, jakte saman med bestefar, men svært få har høve til det i dag.

Kva, eller kven, skal gutane identifisere seg med?

I tillegg til dette kjem fleire og fleire jenter inn i mannsyrke, og dette er ein såkalla «villet politikk». Ein treng ikkje ein manns styrke for å køyre svære maskinar. Så har ikkje gutane noko å «briefe» med lenger.

Jentene har klart seg betre i skulesystemet, fordi dei er meir skapt for å sitje stille og pusle med skriving og teikning. Dei får gode karakterar, og toger inn i mannsdominerte yrke. Nå er det, til dømes, fleire jenter enn gutar på medisinstudiet i Noreg. Typiske kvinneyrke freister ikkje menn.

Desse er oftast dårleg betalte, og det er ikkje alle det passer for å jobbe i ein barnehage. Innafor helse har det vore noko betre, og typisk nok får menn oftare overordna stillingar der. Kva må så til for å komme ut av denne skeivfordelinga?

Det er ikkje lett å vite, for utviklinga i samfunnet er ikkje på mannen si side, sjølv om dei, mennene, har styrt.

I skulen er det altfor mykje stillesitjing, og altfor lite praktiske oppgåver. Heilt frå vi er små er det skilnad på gut og jente, og det blir ikkje mindre skilnad når hormonane set inn i tenåra. Når skal vi begynne å ta hensyn til biologien?

Kanskje er det tid for å tenke segregering igjen?

Om ikkje gute- og jenteklassar, så kanskje deling i kroppsøvingstimane?

Det er svært stor skilnad på kva gutar og jenter liker i det faget..

Når det gjeld å få barn, så er kvinnene blitt så «kresne», at dei mest ikkje finn ein mann som dei kan tenkje seg som far til borna sine. Så blir det ein tur til Danmark.

Økonomisk uavhengige er dei aller fleste etter kvart, så kva skal dei då med ein mann?

Så til dei som sit i mannsutvalet: Nå må mannen favoriserast. Ikkje skuv fleire av dei ut i utanforskap, der sjansen for å gjere sjølvmord er stor. Er det ein ide å ta meir hensyn til biologien nå?