Politikarane vedtok mange fine formuleringar om miljø og berekraft, og dei la vekt på at kommunen skal ta vare på naturen og kulturlandskapet. Men det viser seg no at det er lettare å vedta fine mål enn å følgje dei i praksis. Då formannskapet behandla arealdelen i kommuneplanen for kort tid sidan, måtte omsynet til natur og miljø vike for andre interesser.

Kommuneadministrasjonen har lagt fram eit gjennomarbeidd forslag til arealplan basert på dei måla som politikarane har vedtatt. Forslaget frå administrasjonen legg opp til redusert nedbygging av urørt natur, dyrka mark og kulturlandskap. Det arealet som er bandlagt for utbygging i dette forslaget, er mindre enn i gjeldande plan. Det same gjeld utslepp av klimagassar. Samtidig sikrar planen ein god arealreserve for bustadar i eit 20-års perspektivet, og den legg til rette for grøn industri og variert næringsutvikling.

Men då arealplanen kom til politisk behandling, viste det seg at dei som sit med den politiske makta, ikkje var interesserte i å følgje opp eigne miljømål. Fleirtalet i formannskapet bad om å få vurdert ei rekke nye område for utbygging. Det omfattar verdifulle strandareal, dyrka mark, store skogområde, myr og ferskvatn. Tilleggsforslaga utgjer over 6500 dekar og vil føre til utslepp av klimagassar tilsvarande 234.000 tonn CO2. Dette er nedbygging av natur i eit omfang som er klart i strid med den overordna kommuneplanen og klima- og miljøplanen som blei vedtatt for kort tid sidan.

Arealplanen er kanskje den viktigaste saka som bystyret behandlar på mange år. Den styrer den kommunale arealdisponeringa fram til 2034. Samfunnsdelen av kommuneplanen legg dei overordna føringane og inneheld mange fine målformuleringar som det er lett å slutte seg til. Arealplanen, derimot, er harde realitetar med økonomiske og juridiske konsekvensar og mange interessentar. Det er overraskande at ikkje media har engasjert seg sterkare i å få fram kva som skjer i denne planprosessen.

Arealplanen er kanskje den viktigaste saka som bystyret behandlar på mange år.

Vi har nyleg fått ein skremmande rapport frå FNs naturpanel. Arealendringar er no den største trusselen mot naturmangfaldet både i Norge og internasjonalt. Denne utviklinga må vi stoppe dersom vi skal ta vare på livsgrunnlaget og livskvaliteten for framtidige generasjonar. Administrasjonen har levert eit planutkast som er i samsvar med tilrådingane frå naturpanelet og dei miljømåla bystyret har vedtatt. Men fleirtalet i formannskapet valde å sende på høyring ein plan som kan føre til store unødvendige naturinngrep og ustrukturert arealbruk i kommunen.

Heldigvis er det ikkje for seint å påverke sluttresultatet. Arealplanen skal snart til endeleg behandling i formannskapet og bystyret. Den er lett tilgjengeleg på kommunen sine nettsider, og fristen for å sende inn høyringsinnspel er 5. mars. La oss ta til penn eller tastatur og utfordre politikarane til å stoppe dei uheldige naturinngrepa som formannskapet la inn i høyringsutkastet i strid med vedtekne miljømål. Det er slike sprik mellom liv og lære – mellom mål og handling – som bryt ned tilliten til politikarane.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.