Rundt kommunevåpenet står det: Causa Triumphat Tandem bonma, med store bokstaver.

Det betyr: den gode sak seirer til slutt. Det vi kan håpe på, er nettopp det, for Kristiansand, Søgne og Songdalen; i spørsmålet om å bli eller ikkje bli i Kristiansand.

Dei partia som først og fremst har opna døra for dette valet er Arbeiderpartiet og Senterpartiet sentralt, samt eit storting som er positiv til at folk skal få seie si meining.

På mange vis er det bra, sjølv om vi er mange som er skeptiske til metoden; digital avstemming. Det har aldri vore noko avstemning om K3, noko eg har forstått var ønskt av fleire, også på Ja-sida ved kommunesamanslåing. På den andre sida er bystyret sitt nei forståeleg, fordi kommunen ennå ikkje har fått sett seg.

Byidentitet står sterkt i Kristiansand, og bygdeidentiteten i Søgne og Songdalen. Dersom det blir deling, vil det vise at opplegget for å bygge felles identitet som region, har mislukkast. For det er nettopp regionaliseringa som er hensikta med kommunesamanslåinga. Det var Knutepunkt Sørlandet som var drivkrafta i samanslåingsprosessen.

Motkreftene til dette er lokale ambisjonar om sjølvstyre og lokalpatriotisme. Her har Søgne kanskje fått ord på seg for å vere mest patriotisk. Personleg vil eg seie at eg som bergensar kjenner godt til kva patriotisme er. Samtidig har den bergenske patriotisme i seg ein viss grad av ironi, som avslører at det er ikkje heilt meint som det blir sagt. Dette blir ikkje alltid heilt forstått av omverda, avhengig av korleis ironien kan bli misforstått. Det er vel og mogleg å registrere denne dobbelheita i søgnepatriotismen og, om ein lyttar godt med begge øyrer.

Problemet med både bygdepatriotismen og bypatriotismen er at dei begge kan verke splittande, om den kjem ut av kontroll. Og mi meining er at Senterpartiet sentralt spelar på bygdeentusiasmen og bygdepatriotismen i sitt forsøk på å dele regionar opp i fleire kommunar. Nærleiksidyll blir dyrka på ein måte som høyrer fortida til. Her skulle eg gjerne sett at Senterpartiet kunne revurdere sitt syn på nærleik. Nærleiksbegrepet handlar ikkje i dag så mykje om avstand i Sør-Norge, men om gode fellesskap og eit godt nærmiljø. Her blir haldningar til mangfold og fellesskap på tvers av ulike kulturar viktigare enn geografisk avstand. I dag går det meste føre seg på dataskjermen. Det gjeld mykje handel, og det gjeld ikkje minst offentlege tenester. Den generasjon som veks opp i dag lærer dette, og vil ikkje ha det same problemet som mange av oss som ikkje i ung alder har vakse opp med desse digitale verktøy.

I dag er det den regionale identiteten det står om. Det vil være et krav uansett kommunedeling. Men det gjer det så mykje enklare om regional identitet går føre lokale identitet, i forhold til kommunegrenser. Bygdeidentiteten vil vi kunne ta vare på uansett. Vi må skilje mellom identitet med staden vi bur på og identitet knytt til kommunegrenser. Kommunegrenser kan ofte vere eit problem for den regionale identitet. Det dreier seg ofte om litt for stor iver etter å ta vare på eigarinteresser, som om vi i Søgne skulle kjenne oss som grunneigarar av Søgne, og dei som bur i byen ikkje har noko med å blande seg inn i kva vi driv med. På denne måten lagar vi skilje og motsetnader mellom by og land, sjølv om den geografiske avstand er liten.

Når dette er sagt, er det viktig å understreke at det vil alltid være personar som treng eit informasjons- og vegleiingssenter. Kommunalministeren har sjølv gjennom kommunaldepartementet fremma forslag om utprøving av Nærtenestesenter, der tilsette vekslar mellom ulike kontor lokalt og sentralt. Det kan ein søke tilskot på, slik eg har forstått det. Eit anna forslag kan være enkel omorganisering av tenester på ulike stader; eksempelvis at helsestasjon på Nodeland kan veksle med Tangvall, Søgne. Eit anna tiltak er å justere nattevaktsordning for heimesjukepleien, slik det vert mindre køyring. Dette er ei utfordring eg veit fleire kommunar har, som er slått saman (Alver kommune i Nordhordland eksempelvis). Poenget er at det er viktig å lokalisere der det er mogleg og unngå sentralisering som leier til meir køyring nattestid.

Eg opplever tidlegare ordførar i Songdalen Jan Kåre Haugland sitt innlegg i fvn 10.1.24, som konstruktivt, og han set ord på behovet for å tenke både lokalt og regionalt. Om den nye kommunen kan fortsette, kan vi bygge på det vi har påbegynt, men berre om vi klarer halde to tankar i hovudet samtidig; bygde- og by-entusiasmen. Slik kan vi ta vare på regiontanken og halde fram i dei gode faglege nettverk som allereie er skapt.