Aldri før har eg vore i nærleiken av ei slik straumrekning. Eg har budd i same bustaden sia 1976. Arealet som blir varma opp, er ca 80 kvadratmeter. Oktober var mild og eg sparte alt eg kunne, på bruken av straum. Forbruket var 885 kWh.

Takk, Jonas, Trygve og LOS, for at eg som bur i Kristiansand, har gjort meg fortent til den æra å betale denne summen. Eg er nok ikkje eit vanleg menneske. For vanlege folk skulle få ein betre økonomi, sa de to. Hadde eg budd lenger nord, ville rekninga mi vore på om lag 1200 kroner.

Flott, Jonas og Trygve for at de har delt Noreg i to, etter prisen ein betalar for straum.

Takk, Jonas, Trygve og LOS for at eg som einsleg pensjonist, får lov til å betale høg pris for straum og så vite at 90 prosent av desse pengane går til staten. Takk for at eg får lov til å yte nokre tusen kroner ekstra kvar månad til staten. Eg tenkjer med skrekk og gru på dei som har låg pris på straum, kor uvanlege dei må kjenne seg over kor lite pengar dei gir ekstra til staten.

Er det til og undrast over dei låge tala Ap og Sp får i meiningsmålingar? Eg hadde aldri trudd at Sylvi skjønte meir av vanlege folk enn de, Jonas og Trygve.

Nå skal Jonas og Trygve forhandle med Audun om statsbudsjettet. Audun vil ikkje har låg pris på straum.

Takk til Jonas, Trygve og Audun for straumprisen. De tre har fleirtalet på Stortinget og har dermed alt ansvar for straumprisen. Takk Jonas, Trygve og Audun for at ein einsleg pensjonist får lov til å gi mykje ekstra til samfunnet. Takk for at eg ikkje får bruke desse pengane på meg sjølv. Me møtes på neste korsveg, takk Jonas og Trygve.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.