Kommunalministar Sigbjørn Gjelsvik, Sp, har vedteke at folket i gamle Søgne og Songdalen kan røyste om dei framleis skal høyre med i Kristiansand kommune. Avgjerande for dette var at folket i desse to bygdene, skulle høyrast. Viljen til vanleg folk er altså i sentrum for Sp, skulle ein tru etter dette.

Men Hole kommune i Viken fylke ville melde overgang til Akershus når Viken blir løyst opp. Sentralmakta, kommunalministar Sigbjørn Gjelsvik, nekta denne overgangen. S. Gjelsvik har ingenting imot å løyse opp ein stor bykommune, mens fylkesgrensene ser ut til å vere heilage for han og Sp. Og det undrar meg. Dei fleste av fylkesgrensene i Noreg drog ein meir eller mindre full konge i København opp i 1660.

Sp har ei tunge, avgjer, for folk som er samd med dei og ei anna som gjeld når det ikkje passar for partiet. Folket veit best når dei stør Sp. Sentralmakta, Gjelsvik, nektar kommunar å skifte fylke. Og det gjer at kommunalministaren snakkar med to tunger.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.