Det er alltid nyttig å få informasjon, særleg nå som det går mot avstemming om kommunen si framtid.

Dessverre ser det ut som denne gruppa har laga konklusjon før argumentene kjem og avpassa argument etter det.

Statsforvalteren er i ein prosess med argument for og mot oppsplitting og eg håper og trur den blir meir informativ enn dette skrivet.

Eg skulle ønskt gruppa hadde tatt seg betre tid til å dokumentere dei som for meg er lause påstandar. Skolestruktur-debatt som kan ramme Finsland og Rosseland skole. I tidligare Songdalen var det og mange debatter om skolestruktur og fare for nedleggingar av Finsland og Rosseland skole. Det ser ut som gruppa har gløymt tidligare debattar og dermed laga argument.

Gruppa skriv og at tilbod i barnehage og skole nå er blitt dårlegare, kor er grunngjevinga?

Eg forstår at gruppa ut frå sitt synspunkt ikkje tar med positive ting etter sammenslåing av kommunane. For min del som skal få lov til å legge inn min stemme når den tid kjem, vil eg ha med både det positive og det mindre positive, altså for og mot, og stemme ut frå det.

Etter skriv frå samtlege legar så hadde ikkje Søgne og Songdalen hatt mulighet til satsing på fastlegeordninga slik som nå.

Landbruksetaten er mykje bete å nå enn i Songdalen. Eg har for 10 -12 år sidan skrive om motstand og manglande kunnskap i Songdalen kommune då vi ville ha vårt hus i utkanten.

Hadde Songdalen kommune hatt midler til satsinga til parken i Kilen, idrettshallen på Hortemo eller kulturbygg på Nodeland?

Nå er vi fleire her i Røyrås-grenda i øvre del av kommunen som ønsker å ruste opp Røyrås Grendehus. Vi er blitt møtt veldig positivt i Kristiansand kommune, derfor er vi nå i gang.

Beklager til dykk som står bak skrivet som kom, dette held ikke mål.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.