Prisen er på ein måte også ein heider til nynorsk. Derfor skriv eg også dette på nynorsk i tråd med Jon Fosse.

Ikkje så rart sidan denne stillfarne og også bevinga forfattar er den første norske forfattaren på 95 år som har fått Nobels litteraturpris. Men meir interessant var det at i den lange opningstalen var det fire stutte ord som stal all merksemd. «Og takk til Gud» skulle ein tru var ein heilt normal ting å seie, slik det er i USA, landet vi har adoptert det meste av kulturen vi dyrkar frå, men det er det altså ikkje. I Norden tek ein ikkje Gud og Jesus i bruk lenger, knapt heller i presteskapet. Det er snart tid for nyttårstalar, der den siste norske kongen som nemnde Gud var Kong Olav, og der den danske dronninga og den finske presidenten er dei einaste i Norden i dag som ber om Guds velsigning.

I dei seinare åra har dei nordiske land vorte skulda for å vere verdas mest sekulariserte land. Sekularisering finn stad når religion mistar innverknad over enkeltmenneske, kultur eller eit heilt samfunn. Slår ein opp på kunstig intelligens får ein vite at Sverige, Noreg og Danmark er verdens mest sekulariserte land, men det visste vi jo allereie. Stadig færre menneske i det kalde nord, trur på Gud. Kor mange nordmenn som seier dei trur på Gud har falle ned frå 53 prosent i 1985 til 30 prosent i 2020. Kristne må i dag reknast som ein minoritet i Noreg, Sverige og Danmark. Litt gudelegare er Finland der flest i Norden er overtydde om Guds eksistens.

For nokre år sidan uttalte direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, at «Protestfestivalen er en av de første arenaene som oppdaget revitaliseringen og tilbakekomsten av religion i offentligheten». Det stemmer nok, og gir meg grunn til å reflektere over talen Jon Fosse heldt i Stockholm og der han avslutta med «Og takk til Gud». Heile tida møter eg menneske som er kritiske til Protestfestivalen «fordi den berre handlar om religion og kristendom», men det eg svarer dei er som sant er at berre ein av sju dagar handlar om kristendom. At eg som person har stått fram som truande, blant anna i Plussord-intervju med Egil Svartdahl, set også merkelappar på Protestfestivalen som kristen.

Gud tek plass, uavhengig av samanheng.

Det gir meg også eit svar på kvifor desse fire små orda til Jon Fosse stel heile talen. Man leitar etter unnskyldningar, når Gud blir nemnt. Aversjonen vår mot Gud gir tvila i meg ei større tru. I Klassekampens spesialutgåve om Fosse før utdelinga, blir det opna med overskrifta «Jon Fosse takket Gud. Det finns mye å takke for her på jorda også». Det er høgst menneskeleg, men er det ikkje også ei stadfesting på dette samfunnet der vi menneske er Gud, det ser ein m.a. på diskusjonen om talet på kjønn der vi virker villfarne. Det er noko uforløyst med forholdet vårt til Gud i dag, og derfor reagerer dei fleste når nokon nemner namnet. Det kan ha årsak i at alle skal døy.

Gud er for stor for oss menneske, og det blir merka, sjølv blant dei som ikkje trur.

Dan Korn er svensk rabbinar og forfattar som har skrive boka «Som om Gud fanns» der han prøver å fortelje oss at sjølv om vi ikkje trur på Gud, lever vi som om Gud finst. Tittelen på boka er ein direkte motsats til ein annan svenske, den kristne sjelesørgjaren og forfattar Magnus Malm som kalla boka si «Som om Gud inte finns». Forskjellen er at Malm vender seg mot sløve kristne, medan Korn vender seg til det sekulære samfunnet. I begge bøkene blir eit samfunn beskrive der Gud finst i Norden.

Nobels litteraturpris blir delt ut frå Stockholm til ein nordmann som takkar Gud. Hjelpe meg, det er ikkje så underleg at det blir oppstandelse. Fosse sjølv seier i eit av dikta sine at «utan døden ville Gud vere død», men døden finst og då kan vi ikkje berre stryke bort Gud med eit pennestrøk, slik vi gjer i alskens lover og reglar i desse dagar. Korn skriv i boka si at ateisten Friedrich Nietzsche var ein av dei tydelegaste på at det sekulære samfunnet kviler på ein kristen grunn, at kristendommen har skapt det sekulære samfunnet, at sekularismen er innebygd i kristendommen. Korn siterer Nietzsche på at den europeiske trua ser ut til å minke, men «det religiøse instinktet» blir forsterka. Den finlandssvenske forfattar og litteraturforskar Merete Mazzarella har nyleg gitt ut «Nånting på andra sidan» der ho prøver å nærme seg Gud. Ho ber, leser og går på møte.

Ho er langt frå den einaste. Den anerkjende danske psykolog og forfattar Svend Brinkmann skreiv «Mitt år med Gud», ei bok Mazzarella elles hudflettar fordi han berre gjer eit halvhjarta forsøk og trur ikkje på å berre lese seg til tru.

I ein dansk bokserie på forlaget Eksistensen er en rekkje danske kjendisar invitert til å skrive om tru under overskrifta «Kristendommen ifølge …»

Ein av forfattarane i sistnemnde serie, er radiokjendisen Esben Kjær som i boka si skriv om tapet av son sin. Han skriv at håpet om å sjå son sin igjen, er drivkrafta bak trua hans.

Det er vel ei årsak til at også sekulære menneske blir drivne mot Gud.

Alt dette er med på å drive vidare at Nietszche hadde eit dobbelt bodskap då han hevda at «Gud er død». Eg har berre lese dikta til Jon Fosse, og i et av dem skriv han noko som gir meining:

«Alt seier at Gud er. Ingenting seier at Gud finst. Kvifor skal Gud finnast? Gud som er?

Å finnast er å vere borte frå Gud for at Gud skal kunne vere og dermed for at alt skal kunne vere».