Med få unntak var det brei semje om at vi må ta FNs naturpanel på alvor og stoppe nedbygging av verdifull natur. Vi må ta vare på naturmangfaldet og sikre gode rekreasjonsområde for alle, blei det sagt. Men det var før valet. No har fleirtalet i areal- og miljøutvalet gått inn for å ofre verdifull natur. Ein arealplan som i utgangspunktet la vekt på natur og klima, er i ferd med å bli eit frislepp for naturinngrep.

For eit år sidan la kommuneadministrasjonen fram eit gjennomarbeidd forslag til arealplan basert på dei overordna miljømåla som politikarane har vedtatt. Forslaget frå administrasjonen la opp til redusert nedbygging av urørt natur, dyrka mark og kulturlandskap. Samtidig hadde planen arealreservar for bustadar i eit 20-års perspektivet, og den la til rette for industri og variert næringsutvikling.

Men då arealplanen kom til politisk behandling, viste det seg at fleirtalet ikkje var interesserte i å følgje opp eigne miljømål. Fleirtalet i formannskapet bad om å få vurdert ei rekke nye område for utbygging. Det omfatta verdifulle strandareal, dyrka mark, skogområde, myr og ferskvatn. Fleirtalet la med dette til rette for nedbygging av natur i eit omfang som er klart i strid med den overordna kommuneplanen og klima- og miljøplanen.

Då arealplanen kom til politisk behandling, viste det seg at fleirtalet ikkje var interesserte i å følgje opp eigne miljømål.

Ikkje uventa protesterte Statsforvaltaren på ei rekke av naturinngrepa. I dialog mellom administrasjonen og Statsforvaltaren blei det gjort justeringar, og administrasjonen la fram ei ny innstilling der mange av protestane frå Statsforvaltaren blei tatt til følgje. Men det ville ikkje fleirtalet i areal- og miljøutvalet finne seg i. Høgre, KrF, Frp og Pensjonistpartiet gjekk inn for å krevje mekling for å prøve å få Statsforvaltaren til å trekke mange av protestane. Det same fleirtalet gjekk også inn for å bygge ned fleire andre naturområde, blant anna verdifulle strandområde. Det einaste lyspunktet er at det folkelege engasjementet ser ut til å ha redda Borgeheia.

FNs naturpanel har lagt fram ein skremmande rapport. Arealendringar er den største trusselen mot naturmangfaldet både i Norge og internasjonalt. Vi må snu denne utviklinga dersom vi skal ta vare på livsgrunnlaget og livskvaliteten for framtidige generasjonar. Administrasjonen leverte eit planutkast som langt på veg var i samsvar med tilrådingane frå naturpanelet og med dei miljømåla som bystyret har vedtatt. Men fleirtalet i formannskapet valde å sende på høyring ein plan som kan føre til store inngrep i verdifull natur. No har fleirtalet i klima- og miljøutvalet følgt opp og gått inn for mange av dei mest utbyggingsvennlege alternativa.

Utkastet til arealplan var i utgangspunktet eit godt styringsverktøy for å ta vare på naturen. Men det politiske fleirtalet er i ferd med å gjere planen til eit dokument som demonstrerer manglande vilje til å prioritere naturverdiar når dei kjem i vegen for utbyggingsinteresser.