Alle ville bli psykisk friskare og sterkare. Kvinnene ville bli trygge på seg sjølve, og dei kunne skifte partnarar når dei ønskte det, slik som i dag. Eldre menn skulle gi unge jenter opplæring i seksuallivet (ein statsråd i regjeringa Støre følgde Jæger si oppfordring. Men han måtte gå av då handlinga hans vart kjend.)

I staden for kristendom, skulle elevane ha filosofi på skulen. Og då ville barna leve i harmoni med naturen og dei vaksne. Kristendommen la ei knugande hand over folk og land, meinte Jæger.

I dag lever me i eit samfunn nær opp til ideala til bohemane. Elevane har nå filosofi i skulen. Kristendom skal vere eit vanleg fag utan å påvirke elevane si tru og haldning. Ja, vel! Truleg er avkristninga av Noreg kome lengst i Oslo. Der elevar bit, slår, sparkar eller skjeller ut lærarar. Barn i skulealder er med i kriminelle gjengar. Aldri har elevane hatt større psykiske utfordringar enn dei har i dag i Oslo.

Når kristendommen ikkje lenger kan få skulda, er det bruk av mobilen som er syndaren og årsaka til dårleg framferd. Det er utenkjande at det kan skuldast mangel på oppseding i heimen. Dei som styrer, ønskjer at elevane ikkje får bruke mobilen på skulen.

Radikale personar vil sjølvsagt ikkje koble problema i skulen i Oslo til mangel på opplæring i kristendom. Men politiet seier at eit av dei største problema kjem av at barn og ung manglar respekt for politiet og lærarar. Stadig fleire elevar blir mobba.

Her på Sørlandet er dei radikale opptekne av sørlandskristendommen som framleis gjer barn og vaksne ufrie. Men kva har dei å by på? Dei radikale vil sjølvsagt at me skal vere glade og lykkelege her nede. Men aldri har det vore fleire unge kriminelle her sør enn i dag.

Når landet er avkristna, kven/kva vil dei radikale legge skulda på då? For få psykologar? Mangel på sosionomar? Mangel på omsorg? Små husver? Syndaren er sjølvsagt mobilen, seier statsråden.

Aldri har Noreg hatt eit friskare folk enn i 1950-åra. Då trudde dei på Gud og overlegen. Når barn og foreldre gjekk saman til kyrkje, lærte barn å sitte stille og oppføre seg skikkeleg. Tilsette i NRK mista jobben dersom dei banna i ei sending. Nå blir det banna mest kvar dag i NRK. For ei lykke! Og det var stor mangel på bustadar. Mange familiar budde på eitt rom utan at barna vart kriminelle. Kvar skuledag tok til med at klassen song ei salme og saman høgt bad «Fader vår». Og elevane respekterte heilagdagar.

Politifolk/lensmann var ei høgt respektert yrkesgruppe. Det var utenkjande at eit barn oppførte seg dårleg, når dei var i nærleiken. Folk budde dårleg og psykologar var sjeldne. Så sjeldne at me på bygdene aldri hadde høyrt om ein einaste psykolog. Likevel var det få unge som var kriminelle.

Eit samfunn utan mobil, ja, mange hadde ikkje ein gong fast telefon. Kanskje bør dei såkalla radikale vere meir opptekne av det positive med kristendommen. Men ein kan ikkje vente hjelp frå universiteta. Der styrer dei radikale. Dei forskar på det som høver inn i deira syn på samfunnet. Det er utenkjande at ein granskar det positive med kristendommen eller sørlandskristendommen. Nei, fy! Ein er då for framsteget!

Ja, er det ei lykke og eit gode at kristendommen har mista plassen sin i samfunnet vårt? Og blitt erstatta av mobilen? Det er vel lov til å stille dette spørsmålet? Dei fleste, også dei radikale, feirar jul som er til minne om at Jesus vart fødd. Og bilete av julefeiringa tek dei med mobilen.