Direktør for by- og stadsutvikling, Ragnar Evensen, tar sikte på å vere i mål med flyttinga til neste gang Tall Ships Races kjem til Kristiansand om to år. Dermed er det berre tida og vegen før vi må få på plass reguleringsplan og utviklingsstrategi for arbeidet med å transformere Lagmannsholmen. Men eg saknar ei analyse av økonomien i dette prosjektet.

I mange år har vi fått presentert idear til korleis vi kan utvikle Lagmannsholmen. Park, kanal og servering for eit levande folkeliv er populære forslag. Men er det det vi vil få? Hamna treng pengar for å finansiere flytting og opparbeiding ny hamn. I tillegg kjem kostnader for omfattande anleggsarbeid på Lagmannsholmen. Desse midlane må komme frå sal av tomtar på Lagmannsholmen.

Så langt har det vore lite snakk om dei økonomiske rammene for hamneflyttinga og den påfølgjande byutviklinga. Men i det siste har det dukka opp avisinnlegg med kvalitative vurderingar av dei økonomiske utfordringane. Det blir peika på at det er boligar som gir best økonomi for utbyggarane, og at det kan bli nødvendig å bygge i høgda for å få råd til friområde på andre deler av arealet.

Har Kristiansand kommune oversikt over kostnadene for flytting av hamna og kva rammer det vil sette for utvikling av Lagmannsholmen? Når hamna blir flytta, vil verdiane i Kristiansand hamn KF gradvis bli overført til Kristiansand hamn IKS der Lindesnes kommune er medeigar. Har Kristiansand kommune sikra seg at det er god økonomistyring i flytteprosjektet slik at tomteprisen på Lagmannsholmen kan haldast på eit rimeleg nivå?

Det er viktig med innbyggardialog, idémyldring og arkitektonisk utforming i utviklinga av denne indrefileten av Kristiansand. Men vi treng også å få dei harde økonomiske realitetane på bordet tidleg i prosjektet.