Argumentet var at det er for dyrt og vil ta for lang tid før ei oppløysing kan skje.

Støre og stortingsgruppa til Ap vil gi folket i Søgne høve til å bli eigen kommune att. Det vil koste ca 400.000.000 kr. Dersom 4000 personar i Søgne røystar for oppløysing, får kvar av dei 100.000 kroner som skal brukast til å få ei god kjensle. Kjensla av at Søgne er eigen kommune igjen. Hurra!

Støre bør spørje dei som står i matkø, om dette er rett bruk av pengar?

SV vil auke skatten for dei rike, men partiet sløser gladleg bort 400.000.000 kr for ei oppsplitting av Kristiansand. Det er eit prinsipp, fortel SV. Tenk om partiet ga desse pengane til dei som treng det, så dei kan betale mat og straum?

Bystyregruppa til AP og ordførar Skisland gjorde eit flott jobb. Eg var stolt over å ha røysta på dei. Støre fekk mi røyst. Men ingen har som han, øydelagt for AP i Agder.

Vår region som produsera ein tredel av all straum i landet, betalar den høgaste prisen på straumen. Det er frå vår region dei store straumkablane til utlandet går. Kor brukar Støre fortenesta frå desse kablane? Kor har han brukt alle pengane frå Agder Energi?

Motorvegen vidare frå Mandal har stoppa opp i to år. Under valkampen denne hausten var Støre ikkje velkommen i Kristiansand. Nå har han sikra byen ei uviss framtid. Vil Støre kome hit i samband med valet til Stortinget?

Støre har vore den ringaste statsministaren for Agder eg har opplevd. Regjeringa hans har teke pengar frå Agder og sådd splid i Kristiansand. Eg håpar at Tonje Brenna er AP sin statsministarkandidat ved neste val. Dersom det er Støre, vil eg sitje heime eller gi Listhaug stemma mi.