At Tonje Brenna er foreslått som nestleiar, overraskar vel ingen. Ho har på kort tid som undervisningsminister blitt populær. Ho har karisma, og har begge føtene på jorda.

Eg vil samanlikne henne med Jon Lilletun frå KrF, som var ein populær og flink undervisningsminister i regjeringa til Bondevik frå 1997 til 2000, heilt utan høgare utdanning.

Dessutan er Tonje av Utøya-generasjonen.

Så vart det plass til Jan Christian Vestre, også han av Utøya-generasjonen, men med ein litt annan bakgrunn. Han kjem frå næringslivet, og har eigen bedrift.

Det er bra med ein som har erfaring frå det private næringsliv. Berre ein hake ved det; han er millionær, akkurat som Støre.

Det at dei to er gode for nokre hundre millionar til saman, burde ikkje vere noko problem, (for dei som er ordentleg rike i dag, taler vi nå om milliardar.)

Men det blir litt langt ifrå kjerna i Arbeiderpartiet sin ideologi. Kanskje den gamle garde, av dei som «stod på gølvet», vil reagere på det.

Så er Bjørnar Skjæran ute, og Hadja Tadjik kom ikkje inn i varmen att.

Det er vanskeleg å få balanse både i kjønn, alder og geografi i styreleiinga.

Kjersti Stenseng held truleg fram som partisekretær, men Helga Pedersen frå Finnmark er ein sterk utfordrar.

Likevel skal det mykje til før det vert rokka ved valkomiteens innstilling.

Så er spørsmålet; vil dette hjelpe Arbeidarpartiet opp frå sørgjelege 15 prosent på fleire meiningsmålingar siste året?

Personleg trur eg ikkje det. Mange har kritisert eiga regjering. Dei er misnøgde med politikken, både det som vert gjort, og det som ikkje har blitt gjort.

Det har vore svak styring, og langt frå ord til handling.

Dessutan er det slett ikkje blitt «vanlege folks tur».

I tillegg kjem Giske-saka. Ho spøkjer framleis i kulissane. Giske lytter til grasrota, og har sett fokus på det som han meiner har gått gale for Ap.

Nei, det er langt igjen før Ap kjem over 30-talet på meiningsmålingar.

Nå er det (heldigvis) kommuneval til hausten. Der kjem truleg Arbeiderpartiet til å gjere det betre.

Det får vi unne dei!