Svaret er som eg spådde i mitt første innlegg, ei samling luftige lovnader om innsparing.

Bernander peikar på sentraladministrasjonen som ein stad der han vil kutte. Det er vel og bra, men i det siste budsjettforslaget frå Høgre var det ikkje eit einaste konkret forslag om kutt på dette området. Derimot fremma partiet eit generelt forslag om å vurdere effektiviseringstiltak, omorganisering og tilsetjingsstopp i heile kommunen.

Vidare vil Bernander selge kommunal eigedom, men han kjem ikkje med noko eksempel på kva han meiner kommunen bør kvitte seg med. Heller ikkje på dette området hadde Høgre noko konkret forslag til det siste kommunebudsjettet, men dei ville ha ei vurdering av å selge Rosegården. Derimot har Høgre fått gjennomslag for å selge parkeringshus, noko som reduserer inntektene til kommunen og gjer det vansklegare å regulere trafikken. Om Høgre ønskjer å selge til private for å leige framfor å eige, så er vel det til større nytte for dei private enn for kommunen.

Det siste forslaget frå Bernander er å redusere kommunale tilbod som ikkje er eit “kommunalt ansvar”. Kommunen brukar midlar på fleire slike tiltak som vil bli sterkt sakna om dei fell bort. Veljarane fortener å få vite kva deler av dette tilbodet Høgre vil redusere. Det er trass alt store summar som skal dekkast inn for å fjerne eigedomsskatten.

Svaret frå Bernander er som venta generelle formuleringar utan eit einaste konkret eksempel. Dei konkrete kuttforslaga kjem nok på bordet når valet er over dersom Høgre får makt saman med andre høgreparti.