Kvart sekund blir ein kvadratmeter natur bygd ned. Raudlista naturtypar, inngrepsfri natur, myr, strandsone og vassdrag går med i dragsuget. Ingen naturverdiar slepp unna, heller ikkje verna område. Det er lite som tyder på at vi har tatt naturkrisa og rapporten frå FNs klimapanel inn over oss.

Serien har mange skrekkeksempel på naturinngrep. Eit av dei er E39 mellom Kristiansand og Mandal. Lokalt har desse naturinngrepa fått lite omtale. Media og fleirtalet av politikarane i regionen har hylla framsteget og lete att auga for dei omfattande naturinngrepa. Spart tid med bil har trumfa naturverdiar i den lokale debatten. La oss vone at den nasjonale debatten som no ser ut til å komme, kan få konsekvensar for nedbygging av natur når vi skal bygge ny E39 lenger vest.

I desse dagar er motorvegen rundt Kristiansand, Ytre ringveg, ute på høyring. Her er det også lagt opp til omfattande naturinngrep. Ein stor del av vegstrekninga skal gå i tunell, og det genererer tre millionar kubikkmeter steinmasse som Nye vegar må bli kvitt. Forslaget er å dumpe det i Øygardsvatnet som er ein del av eit fiskeførande vassdrag. Andre alternativ i Vågsbygdmarka er vurdert, men alle fører til store naturinngrep i eit område som alt er hardt belasta med dagens vegtrase. Kan politikarane i Kristiansand la dette skje når vi no ser kva summen av slike vedtak fører til for naturen og vårt framtidige livsgrunnlag?

Rasering av natur er ikkje berre eit spørsmål om areal. Enkelte område er meir verdifulle og meir sårbare enn andre. Det gjeld strandsone og vassdrag, det gjeld område med verdifull skog og planter, og det gjeld område som er viktige for fuglar og dyr. Når kommunar lagar arealplanar, så er eit av formåla å avgrense inngrepa i naturen og sikre dei mest verdifulle og sårbare områda for framtida.

Arbeidet med arealplanen for Kristiansand er no inne i sin siste fase. I tråd med vedtekne overordna mål utarbeidde administrasjonen eit planutkast som la vekt på å avgrense arealbruken. Naturvernforbundet sende høyringsinnspel med forslag om å ta vare på fleire naturområde enn det som planutkastet la opp til. Men fleirtalet av politikarane med Høgre i spissen gjekk motsett veg. Dei ville vurdere fleire naturområde for utbygging.

Som statens representant har Statsforvaltaren eit ansvar for å sjå arealplanar i eit regionalt og nasjonalt perspektiv. Det gjeld også arealplanen for Kristiansand. Statsforvaltaren har komme med mange råd for å redusere naturinngrepa i utkastet til arealplan, og på ein del område er det lagt inn protest (innsigelse). Men fleirtalet av politikarane med Høgre i spissen vil ikkje la seg påverke av slike overordna vurderingar. Dei har vedtatt å stå fast på sine forslag til naturinngrep. I tillegg har ordføraren gått til angrep på Statsforvaltaren med skuldingar om arroganse i arbeidet med forhandlingane.

NRK-serien har gitt oss ny innsikt i omfanget av naturinngrep sett i eit nasjonalt perspektiv. Det bør gi oss større forståing for den jobben Statsforvaltaren er sett til å gjere på vegne av oss alle. Dei omfattande naturinngrepa som NRK har dokumentert, er i stor grad summen av mange mindre inngrep. Enkeltvis kan dei kanskje forsvarast, men summen blir uakseptabel og bryt med vedtekne mål.

Det bør fleirtalspartia i Kristiansand ta inn over seg og akseptere protestane frå Statsforvaltaren.