Då soldatane kom til tyske områder, terroriserte, valdtok og plyndra dei alt kunne. Massevoldtekt av kvinner var vanleg. Stalin ønskte denne framferda av soldatane sine. Årsaka var at Stalin ville ha etnisk reinsing i Aust-Europa. Livredde sivile tyskarar flykta unna Armeen for å redde livet sitt. Stalin sa at flyktande tyskarar, gjorde det lettare å få bort sivile som likevel skulle bort seinare. Totalt måtte over 12 millionar tyske personar flytte etter at Europa fekk nye grenser i 1945. Om lag to millionar tyske personar mista livet under denne forflyttinga. Og tyskarar var utan vern av lov og rett. Ein kunne gjere med dei kva ein ville. Dette var noko jødar som etter 1945 kom frå Europa til Israel, hadde kunnskap om. 400 000 finnar måtte også flykte frå Aust-Karelen. Dei tyske og finske flyktningane vart tekne opp som vanlege borgar i Tyskland og Finland. Etter få år var flyktningleirane i dei landa avvikla.

Israel vart egen stat i 1948. Stalin ved Sovjet, var eit av dei første landa som anerkjende Israel som eigen stat. Og Israel tok i bruk nokre velkjende metodar og taktikk, henta frå Den raude Arme. Den viktigaste var å skremme bort sivile personar. Resultatet av dette var at etter krigen i 1948, var fleire hundre tusen palestinarar flyktningar/evakuerte til flyktningeleirar. Israel har hatt krigar i 1967, 1973 og i dag. Og framleis bur palestinarane i flyktningleirar som var oppretta i 1948.

Nå ventar ein på at Israel skal gå inn i Gaza og jamne ein del av byen med jorda. Igjen ser ein at tenkinga til Den raude Arme, pregar Israel sin måte å gå fram på. Legge alt flatt utan omsyn til kva det kosta av menneskelege lidingar. Ein ironi er at i 1973 blei Palestinakomiteen stifta, og hovudpersonane bak stiftinga kom frå partiet AKP(m-l). Partiet hevda at Stalin var ein svært dyktig leiar.

Putin har gått til krig mot Ukraina. Russiske soldatar bombar alt flatt og bryr seg ikkje om tap av sivile personar. Dei russiske soldatane brukar nå i dag taktikken og metodane til Den raude Arme. Dei drep utan nåde folk som står i vegen for dei.

Det er litt underleg å sjå at i to krigar i dag, Israel og Ukraina, brukar ein kommunisten Stalin sin tankegang som ikkje bryr seg om tap, for å vinne. Og for å nå måla sine, kan ein gjere kva ein vil.

Det er trist at metodane til massemordaren, kommunisten og diktatoren Stalin, framleis bli nytta i krig.