Det kan gå på festivalen sitt namn, at innhaldet avspeglar festivalsjef Svein Inge Olsen sitt privatliv, at festivalen absolutt ikkje er nøytral, skeiv kjønnsfordeling på festivalen sine inspiratorar og i enkelte panel, at deltakarane ikkje får honorar og utsagnet «Kva er det dei protesterer mot nå då?» Eg kan bidra til å gjere lista over feil lenger, for ved å vere med i staben ser eg også ting eg meiner burde vore annleis. Så veit eg av erfaring at festivalsjefen er ein stabukk og ikkje lett å rikke på, noko mange har erfart.

Når eg likevel vel å bidra til at festivalen skal bli gjennomført, er det fordi eg tidlegare og også i år har fått høyre mange kapasitetar på sitt område som kan gjere ein klokare og forstå meir. Ein kan få noko å tenke på og forstå meir ved å høyre filosof Henrik Syse (bildet), sosialantropolog Runar Døving og tidlegare Vårt Land-redaktør Erling Rimehaug snakke saman om «Willochs testamente», der nøkternhet var eit viktig stikkord. Eller høyre jurist og samfunnsvitar Cecilie Hellestveit, bloggar og tidlegare politikar Pål Steigan og general og tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen samtale om «Gåten Putin» frå kvar sin ståstad.

Eller oppleve den for meg ukjente finske poeten og aktivisten Rosanna Fellman kome med humoristiske og skarpe blikk på måten vi lever. Eller oppleve endå ein finsk utøvar, singer/songwriteren Désirée Saarela med si sterke formidling av sterke tekster. Eller prest og samfunnsdebattant Einar Gelius sitt glitrande innlegg om kva kvar enkelt av oss kan gjere for å gjere verda til ein betre stad. Eller den nydelege opplevinga det var å høyre den amerikanske artisten Dawn Landes synge «My church.»

Alt dette og mykje meir opplevde eg på årets Protestfestival. Desse opplevingane er mykje viktigare for meg enn at festivalen må vere akkurat slik eg vil den skal vere for at eg skal delta på festivalen sine arrangement. Eg oppfordrar gjerne andre til å tenke i same banar!

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.