Evje og Hornnes kommune har ansvaret for helsetenester i fengselet. Det er ei norm for kor mykje det skal vere av lege, sjukepleiar osv. Kommunen meiner dei held norma. Det er berre det at med så sjuke innsette, er det ikkje nok. Det blir ikkje betre av generell for låg bemanning, og sjukefråver blant tilsette.

Det er diverre også slik at med for låg bemanning, så må kanskje fangane låsast inn på cellene meir. Det er svært uheldig, dersom ein vil skape gagns menneske av dei. For ei kvinne, som kanskje har blitt straffa med isolasjon i barndommen, er det veldig traumatisk å bli låst inne. For ikkje å tale om når dei blir sett på glattcelle.

Under den forrige regjeringa vart det tatt eit krafttak for å erstatte dei gamle fengsla med nye. Og takka vere Agder-politikarar på Stortinget, og justisminister frå Frp, fekk vi tre nye avdelingar; ei i Mandal, ei i Froland og ei på Evje. Topp moderne fengsel.

Desse fengsla skulle gje fangane eit betre tilbod, med tanke på å gjere dei i stand til å klare seg, når dei eingong er ferdig med soning. Då er tanken at dei øver seg i å bu og leve. Det er diverre slik at mange ikkje har lært det mest elementære for å klare seg i kvardagen.

Men for at dette skal lukkast, må dei som arbeider i kriminalomsorgen ha tid til å vere saman med dei innsette. Det krev god bemanning.

Vi har altså brukt mykje pengar på å bygge fengsla, men så er det ikkje pengar til å drive dei etter intensjonane. Denne regjeringa sulteforer fengsla.

Ja, avdeling Mandal har brukt for mykje pengar, mellom anna for å skaffe vikarar ved sjukefråver. Skal dei halde oppe ideologien om å førebu dei innsette på eit liv utanfor portane, så må dei det.

Men kva skjer? Jau, nå vil dei flytte alle innsette i kvinnefengselet på Evje til Mandal. Inntil vidare, vert det sagt. Mon det? Det kan ikkje vere lett for dei innsette som slit frå før.

I Froland vil ein drive på halv kapasitet.

Eg undrast. Er det god samfunnsøkonomi å sveltefore kriminalomsorgen, slik at ein ikkje klarer å førebu dei innsette på eit liv utanfor murane? Du sparer i den eine enden, og får utgifter i den andre. Slik «sparing» ser vi på fleire felt i budsjettet til denne regjeringa.

Støre og Vedum hevder at vi må ha eit stramt budsjett for å «kjøle ned» økonomien. Så mykje skal vi «spare» at tiltak for dei som treng mest, må utebli.

Det er eit tankekors.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.