I praksis blir nynorsk diskriminert av dei store teknologiselskapa.

Fleire av dykk les nettopp dette lesarinnlegget på ein Iphone eller ein Samsung-mobil. Då har du sikkert også brukt «Face-ID» for å kome deg inn. Eller kanskje er det ein PC du har i fanget? Då er sjansen stor for at du også har «innstillinger», «skjermsparer» eller «musetrykker». No er det på tide at vi får operativsystem på nynorsk!

Nynorskbrukarar må få sjå språket på ulike arenaer, også på digitale flater.

Allereie i år 2000 var det store demonstrasjonar knytt til manglande dataprogram på nynorsk. Då streika titusener av elevar mot ei digital verd som i stor grad var prega av bokmål. I dag er problemet større enn nokosinne.

Etter mange tiår med datamaskiner, smarttelefonar og programvare, er det framleis store manglar for nynorskbrukarar. Språket må finnast på plassane ein les noko. Det har i større og større grad vore som del av programvare. Spesielt viktig er det at nynorsken finst der barn og ungdom er. I dag er nær sagt alt av den teksten nynorskelevar les på ein vanleg dag, på bokmål. Dette gjer det vanskelegare for dei å bli trygge på språket sitt. Ein viktig del av løysinga er at operativsystema må finnast på nynorsk. Når den nye opplæringslova trer i kraft i august, er det krav om at skriveprogram skal støtte både bokmål og nynorsk, og skal følgje offisiell rettskriving. Det skulle berre mangle, elevane treng både nynorsk stavekontroll og brukargrensesnitt.

Regjeringa gjer i dag for lite for at nynorskelevane skal få programvare på sitt eige språk. Det er på tide at styresmaktene krev at teknologigigantar skal levere programvare på nynorsk.

Dersom operativsystem kjem på både nynorsk og bokmål sikrar ein at fleire kan nytte nynorsk i kvardagen sin, og at fleire vert eksponerte for nynorsk. Gjennom dette sikrar ein også likestilling av dei to norske skriftsspråka.

Innlegget er forkorta. Red.