Mange av oss som er mot deling, tenker heller ikkje nødvendigvis at folk ikkje skal kunne seie si meining, men det skal være ein balanse i meiningsvurderinga, og folk i heile kommunen skal kunne bli trekt inn i ei rådgivande folkerøysting.

Regjeringa har gått inn for ei tillitsreform, som handlar om å støtte opp om tillit til dei folkevalde og administrasjonen, og unngå uhaldbar mistenkeleggjering av samspelet mellom ulike ledd i eit demokrati, slik vi ser eksempel på i ei rekke land, der demokratiet står i fare.

Når regjeringa no har kome med forslag om endring i inndelingslova, kan ein spørre: Er det i Senterpartiet si interesse å svekke lokaldemokratiet gjennom lova, ved å flytte makt til sentrale styringsmakter? For det er konsekvensen. Har regjeringa vurdert konsekvensen av desse endringar, dersom det på sikt kjem ei meir samanslåingsvennleg regjering?

Mange kjenner til forslaget frå regjeringa, men kanskje ikkje alle. Departementet og regjeringa har kome med følgjande forslag til endring i inndelingslova:

§ 10. Innbyggjarhøyring

(gamal tekst som blir ståande): «Kommunestyret bør innhente innbyggjarane sine synspunkt på forslag til grenseendring. Høyringa kan skje ved folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking, møte eller på annan måte.

(tillegg med ny tekst):

«Når departementet tek initiativ til å utgreie spørsmål om grenseendring etter §8 tredje ledd, kan departementet innhente innbyggjarane sine synspunkt på forslag til grenseendring.Høyringa kan skje som nemnt i første ledd andre punktum. Departementet kan gi forskrift om gjennomføringa av innbyggarhøyringa».

I høyringsnotatet bygger regjeringa inn eit forslag om å avgrense folkerøystinga til berre Søgne og Songdalen. Begrepet «innbyggarhøyring» i inndelingslova elles, oppfattar eg vert knytt opp til alle innbyggarane i ein kommune. Lova gir i dag ikkje hjemmel til at regjeringa kan gjennomføre ei avgrensa folkerøysting i Søgne og Songdalen. Derfor er forslaget til lovendring kome. Eg trur ikkje dette er i tråd med god demokratisk tenking og intensjon med lokaldemokratiet etter grunnlova.

Å lytte til folket er å lytte til både dei folkevalde og folket. Regjeringa kan ikkje binde verken storting eller kommunestyret. Ein kan med andre ord ikkje ignorere folk i gamle Kristiansand kommune, slik regjeringa vil. Både kommunestyret og folk i Kristiansand vert slik sett parkert, dersom regjeringa får sitt forslag om endring i inndelingslova gjennom. Ny meiningsmåling frå Respons Analyse viser om lag det som førre måling viste i Søgne og Songdalen. Her vert Kristiansand og tatt med, og samla sett er det overveldande fleirtal mot oppløysing. Jamlikt (2 prosent fleir for deling) i Søgne.

Det er så mykje som talar for å oppretthalde kommunen. Nyleg vart det overlevert ein rapport til kommunalministeren om at større kommunar klarer seg betre enn mindre i sårbare tenester. Dette er i tråd med statsforvaltaren si vurdering i sin rapport.

Det blir for tida gjort eit arbeid med å innføre bydelsråd for frivillige i Søgne. Vidare er mange opptatt av å arbeide for å styrke Innbyggar–og Servicetorget i kommunens distrikt, slik at dei som opplever moderne teknologi og avstand vanskeleg, kan få den hjelp dei treng. Her vert partia gitt anledning til å sette dagsorden ved haustens kommuneval.

For å sikre lokaldemokratiet, kan vi som er mot deling berre håpe på at forslag til endring i inndelingslova vert avvist i Stortinget.

På sikt vil kommunen og ha mulegheit til å drøfte vurdering av politiske kommunedelsutval i distrikta. Dette var med i K5, og ein står vel fritt til å vurdere dette i framtida. Det viktige er at vi får ein kommune som dreg saman, slik dei er gode på i Arendal.

Eg trur at kommunar kan bli for små og store. Kommunen er tent med å bli oppretthalde, spesielt sett i lys av dei utfordringar vi står i, med utfordringar knytt til å samordne tenester for framtida i eksempelvis eldreomsorga.

Norge er ikkje eit land beståande av store kommunar. Det er ei sterk overdriving. Nokre samanliknar kommunenorge med Danmark med små og store byar i Norge, ved å vise til undersøkingar om misnøye i Danmark til samanslåingar. Dette er feil, då kommunane i folketal er atskillig større. Sverige kjem ein stad mellom. I tillegg kjem at Danmark har to forvaltningsnivå. I Norge er det tre.

For å sikre lokaldemokratiet, kan vi som er mot deling berre håpe på at forslag til endring i inndelingslova vert avvist i Stortinget med omsyn til kven som skal avgjere om det skal vere folkerøysting, og kven som skal spørjast og korleis folkerøystinga skal vurderast (simpelt fleirtal e.l.). Om regjeringa skal få rett til å pålegge kommunen folkerøysting i avgrensa tilfelle etter initiativretten, må ikkje det føre til at kommunen misser retten til å bestemme kven som skal spørjast, og måten ei slik folkerøysting skal gjennomførast på. Å lytte til folket i Norge handlar om å lytte både til folket og dei folkevalde.