Nokre veker seinare drap den frigjevne, kvinna som var livredd for livet sitt. Og ho fekk ikkje trygghetsalarm. Lagmannsretten har utan tvil synt sviktande vurderingsevne. Men personane som utgjorde lagmannsretten, dei blir aldri stilte til ansvar for kva resultatet av dommane blir.

Kva lover gir trygghet for dei som blir truga på livet? Fire drap har skjedd i parforhold den siste tida. Ei kvinne hadde søk om trygghetsalarm, men ho fekk han ikkje. Ei kvinne hadde alarm, men det hindra ikkje at ho vart drepen. I Noreg var det i fjor 6824 personar som har forbod må å vitje, oppsøke ein bestemt person. 3500 gonger braut trusselutøvaren forbudet. Me er så redde for rettsikkerheten til voldsutøvaren at med gløymer sikkerheten til offeret. Han som kjem med trugsmål har full fridom. Han kan gå og vere kvar han vil i full trygghet.

Det er den truga parten som misser fridommen sin, og må leve med redsla for vold. Aldri før i historie har me betre høve til å hindre partnarvold enn i dag. Dei som bryt besøksforbudet, burde automatisk få elektronisk lenke. Og har ein person truga og utført vold, er det enkelt å utstyre voldspersonen med fotlenke. Alle som har truga folk, bør automatisk få elektronisk fotlenke.

Kor mange kvinner må bli drepne før justisministeren vaknar og innfører retningslinjer for fotlenker? Kva ansvar har dei på Stortinget for å hindre varsla mord? Me har nok kunnskap, det er berre til å ta fotlenkene i bruk. Då får det truga menneske fridom, mens volds personen missar litt av fridommen sin. Og lagmannsretten slepp å ta stilling til fengsling for trugsmål.