Hornmusikken i min kommune var borte, og ingen av kommunane averterte med folkefest om kvelden.

Når ein er åleine, og lite god til å gå, då er det nettopp ein folkefest som kunne vere hyggjeleg. Ein god tale for dagen, sang og musikk, litt underhaldning, ei lita matøkt; meir skal ikkje til. Det er gildt å komme ut og treffe folk.

Når det ikkje er noko særleg 17.-maifeiring å finne i eigen kommune, må ein se seg om etter folkefest andre stader.

Valet fall på Finsland, bygda der eg vaks opp. Der bruka det alltid å vere ein gild kulturkveld 17. mai. Men, nei. Der var ingen folkefest lenger. Er dugnadsånda borte der og? I mi gamle heimbygd? Tydeleg nok, ja. Det bidreg heller ikkje til dugnad, nå som bygda er blitt ein utkant i Kristiansand.

Men dette er ikkje alt.

Kvar blir musikk-korpsa av? I Evje og Hornnes er det ikkje så mange musikantar at dei utgjer eit korps åleine. Men ein må ta med at i einskilde høve slær dei seg saman med Iveland og Bygland, og danner eit laaaangt korps. Men ikkje på 17.mai. Det er skjønleg.

Å ha eit korps er også mykje dugnad, både for foreldre og dei som skal drive det. For det koster pengar, og korleis får ein inn dei? Kommunen vil nok støtte opp, og bankane er gode sponsorar, men likevel trengs vaffelsteiking og loddsal.

Og så er det visst ikkje «kult» lenger å spele i korps. Det er leitt å høyre at barn og unge, som er med i hornmusikken, blir mobba på FB og andre sosiale medier. Kva er det med samfunnet vårt i dag?

Heldigvis kom det ei fråsegn frå sentralt hald, om at rekrutteringa til korpsa er bra. Det håper eg inderleg, for musikk er ein aktivitet som gjev mykje, og det er sosialt. Kvifor er ikkje deltaking i eit korps ein like verdsett aktivitet som å drive sport og idrett?

Tilbake til sjølve Dagen, i Evje og Hornnes. Det starta bra med gudsteneste i Hornnes kyrkje, slik tradisjonen har vore, med talar ved bautaen over dei frå Hornnes som fall i krigen. Ordføraren var der, barn og unge las dikt og heldt minnetale. Fint pynta ute med lauv og flagg, og mange frammøtte.

Så var det folketog , også det slik som det har vore, men utan korpsmusikk. Det er leitt, men dei hadde gjort det beste ut av det, med høgtalar-bil og musikk til å marsjere etter.

Likevel sit eg att med ei kjensle av at vaksegenerasjonen nå, ikkje har den samme innstillinga til å feire grunnlova og det at vi er eit fritt land. Tek vi demokratiet for gitt? Treng vi ikkje verne om det, her vi lever i overflod? Er det ikkje «kult» lenger med gudstenester, bjørkelauv, flagg, korpsmusikk, talar og bunadar?

Eg heng ikkje med. Er nok gått ut på dato, ( født i 1940).