Pandemien og uroa i Europa dei siste åra har synt oss ei anna verkelegheit, og det har vorte tydeleg at me er sårbare når det kjem til maten vår.

På mange vis kan ein kalle det ein forsmak på ei varsla matkatastrofe. Den har vore påpeikt og tala om i mange år. Men prat er ikkje handling. Og det er handling me treng for å gjere noko med det.

Det siste norske mjøl- og kornlageret vart avvikla av Stortinget i 2003. I dag har Noreg matberedskapslager som dekker kaloribehovet for om lag 30.000 personar i tre dagar. Det er sjølvsagt ikkje nok om ei krise skulle ramme oss.

Samstundes har Noreg ein av de lågaste sjølvforsyningsgradene i verda. Over 50 prosent av maten me handlar i butikkane er importert frå andre land. Me er heilt avhengige av andre land sin matproduksjon for at du og eg skal få mat kvar dag.

Det er og ei omfattande sentralisering av landbruket. I mange områder er landbruket prega av mindre garder. Stadig fleire av dei avviklar produksjonen, medan gardane i dei sentrale og store landbruksområda aukar sin.

Tala er klåre og tydelege. I 1970 var det 155.000 jordbruksbedrifter i Noreg. I dag er det under 37.000 att. Om ei krise, som til dømes ekstremvær eller krig, rammar landet vårt, kan det nasjonale distribusjonsnettet bryte saman. Då er det avgjerande med kortast mogleg avstand mellom der maten vert produsert og dei som skal ete han.

Beredskap handlar om å være førebudd på kriser ein ikkje kjenner omfanget av. God matberedskap krev at vi har tilstrekkeleg med matvarer på lager, gjer oss mindre avhengige av importert mat, og sikrar matproduksjon i heile landet vårt.

I over 150 år hadde Noreg beredskapslagre av korn og mjøl for heile befolkninga i eitt år. No er det 20 år sidan dei forsvann. Reetablering av beredskapslagre er verken spesielt kostbart eller krevjande å få til.

For å auka sjølvforsyningsgraden og reversere sentraliseringa av landbruket må ein gjere det attraktivt å være bonde. I 2021 gav eit gjennomsnittleg årsverk i landbruket under 200.000 kr i inntekt. Dei færraste vert nok freista av eit arbeidsamt liv som bonde når ein ikkje tenar nok til å kunne leve av det.

Senterpartiet har mål om eit levande landbruk i heile landet, tetting av inntektsgapet for bønder, auka sjølvforsyning, og reetablering av beredskapslagra for mjøl og korn. No er partiet mitt i regjering, og eg har store forventningar til at dei jobbar målretta for å levere på eigen politikk.

Samstundes har vi som sit i fylkes- og kommunepolitikken eit ansvar for å legge best mogleg til rette for utviklinga i landbruket lokalt. På fylkesnivå vil Sp jobbe for å auke midlane til landbruksfondet, doble midlane til tilskot til grøfting, og innføre tilskot på 200.000 kr til lausdriftfjos og omlegging til SPF-besetningar for svinekjøtnæringa.

Dette er framtidsretta og gode klimatiltak for landbruksnæringa.