Utfyllinga kan få negative konsekvensar for strøymingforholda i Topdalsfjorden – ein sårbar fjord med eit viktig gyteområde for torsk. Samtidig er dette starten på ei større omlegging av transportsystema i Kristiansand, noko som vil få store negative konsekvensar som strir mot overordna planar for klima og samferdsel.

Naturvernforbundet i Kristiansand meiner det ikkje ligg føre tilstrekkeleg dokumentasjon på at den planlagde utfyllinga er utan negative konsekvensar for økologien i Topdalsfjorden. Vi vil blant anna peike på Vassforskrifta som set strenge krav til å ta vare på og oppgradere kvaliteten på vassforekomstar. Eit notat frå Akvaplan-niva peiker på fleire forhold som bør bli grundigare undersøkt for å kunne dra pålitelege konklusjonar om konsekvensar for Topdalsfjorden og Ålefjærfjorden. Dei simuleringane som er gjennomført, har for grov oppdeling og manglar tilstrekkeleg verifiseringsdata.

Vurderinga av naturmangfald viser store negative konsekvensar av prosjektet. Spesielt får det svært negative konsekvensar for kritisk truga fugleartar som har funksjonsområde her. Vidare vil utfyllinga øydelegge eit viktig område med verdifull sjøfjørbotn.

Dette prosjektet er første etappe i flytting av kontainerhamna til Kongsgård – Vige. Naturvernforbundet er sterkt kritisk til å flytte kontainerhamna til eit område utan jernbane. Det er i strid med alle overordna planar om å flytte godstransport frå veg til jernbane og båt.

Naturvernforbundet saknar ei vurdering av kva konsekvensar utfyllinga har for utslepp av klimagassar og framtidig opptak av klimagassar. Nyare forsking har vist at sjøbotn er viktig for opptak av klimagassar. Denne utfyllinga er dessutan ein integrert del av vegprosjektet Ytre ringveg. Dette prosjektet (bygging og vedlikehald i 60 år) vil føre til utslepp av over 100.000 tonn CO2e. I tillegg kjem auka trafikk som på 40 år fører til utslepp av 330.000 tonn CO2e. Dette er store utslepp som står i klar motsetning til vedtatte klimamål for Kristiansand.

Den foreslåtte utfyllinga kan få store negative miljøkonsekvensar i utfyllingsområdet og i Topdalsfjorden. I tillegg er utfyllinga første del av ei hamneflytting som strir mot overordna målsettingar om klima og godstransport på jernbane. Vi vil oppfordre politikarane til å vurdere prosjektet på nytt og ta omsyn til vedtatte overordna mål.