Sørlandet har verdsleiande kompetanse på offshore teknologi, så senteret har gode føresetnader for å spele ei viktig rolle på dette området. Men den mest kritiske og minst utvikla kompetansen for utbygging av havvind er innsikt i miljøkonsekvensane. Eit nasjonalt senter for havvind må derfor ha gode planar for utvikling av relevant miljøkompetanse dersom det skal bidra til ei berekraftig utvikling av offshore vindenergi.

Både Universitetet i Agder og næringslivet på Sørlandet har ein sterk posisjon innan offshoreteknologi. Regionen er kjend for godt samarbeid mellom akademia, næringslivet og offentleg sektor. Eit senter her har potensiale til å løfte fram ny teknologi og få ned kostnadene for produksjon av fornybar energi som er ein ettertrakta og knapp ressurs. Det kan bli eit verdifullt nav i vidareutvikling av teknologi og næringsliv på Sørlandet.

Offshoreteknologi er ein viktig basis for offshore energiproduksjon. Men teknologi er ikkje det mest kritiske for satsing på havvind. Den største utfordringa er å redusere dei negative konsekvensane for naturen og for andre næringar. Feilar vi her, kan det få alvorlege konsekvensar for naturen og føre til redusert legitimiteten for havvind og for det grøne skiftet meir generelt.

Offshoreteknologi er ein viktig basis for offshore energiproduksjon. Men teknologi er ikkje det mest kritiske for satsing på havvind.

Vindkraft er hausting av naturen, og vi må ha god kunnskap om naturen for å få eit godt resultat med så små skadeverknader som mogeleg. Vi må ha innsikt i vindforhold, fugletrekk, gyteområde, fiskeplassar og marin økologi. Tekniske feil og manglar kan rettast opp. Men utbygging utan tilstrekkeleg kunnskap om natur og økosystem kan føre til varig skade. Det hastar med å bygge opp kunnskap som kan bidra til å minimalisere dei negative effektane av energiproduksjonen.

Kompetansen på offshoreteknologi har blitt utvikla over lang tid, først innan offshore oljeutvinning og så innan havvind. Men vi har ikkje hatt den same utviklinga for forsking på miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Havforskingsinstituttet er det tyngste fagmiljøet på dette området her i landet. Dei skriv på sine nettsider at vi har mangelfull kunnskap om konsekvensane for det marine økosystemet. Vi treng meir empirisk forsking på fleire områd. Både utbygging og drift av vindparkar har konsekvensar som må studerast nærare.

Etter at vi fekk rapporten om mogelege område for havvind, har vi sett ein gryande debatt om denne satsinga. Mange er usikre på kva dei skal meine om offshore vindenergi. Dersom vi skal få ein god og kunnskapsbasert offentleg samtale om denne utviklinga, så treng vi allment anerkjent kunnskap om dei miljømessoge konsekvensane. Utan eit slikt faktagrunnlag kan vi få eit høgt konfliktnivå og gjere dårlege val.

Solid kunnskap om miljøkonsekvensar er heilt grunnleggande for arbeidet med havvind. Vi har leiande teknologikompetanse på Sørlandet. Men står vi like sterkt når det gjeld kunnskap om konsekvensar for miljø og fiskeri? Eit nasjonalt kompetansesenter for havvind kan ikkje sjå bort i frå arbeidet med å utvikle relevant miljøkompetanse.

Leiinga i det nye senteret bør svare på korleis dei vil utvikle nødvendig kunnskap om miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Vil senteret bygge opp eigen kompetanse eller etablere nært samarbeid med andre fagmiljø også utanfor eigen region? Vil senteret legge press på sentrale styresmakter for å auke forskinga på dette området som er så kritisk for utvikling av havvind?