Nå må dei snart gjere noko, og ikkje berre skulde på krigen i Ukraina. Dei har heller ikkje tid til å «vurdere» så veldig lenge, spør du meg.

Den siste nedturen kom etter at AUF-leiaren langa ut mot Giske, på direkten i Debatten. Det var uklokt, og det vart gjort på ein særs usympatisk måte. Og dette forsvarte Støre? Ja, han gjorde verkeleg det.

Så er katastrofen eit faktum.

Og Giske, som var eit offer for metoo-rørsla, fosser fram i «sitt lokallag».

Nå skal eg ikkje seie at det var greit det Giske gjorde. Men ein gong må dei bli ferdige med det.

Men så enkelt er det ikkje. Her er ein dårleg skjult maktkamp, og det har der vore lenge.

Giske har mange tilhengarar på grasrota. Han forstår kvifor veljarane blir borte frå Ap, og at dei endå til går til Høyre! Det er dette Støre ikkje har fått med seg.

Når først ein er inne på Ap si ulukke, må ein ikkje gløyme kven Støre er i regjering med.

Sp kunne ikkje anna enn å falle på målingane. Vedum er ein katastrofe som finansminister. Han treff heller ikkje grasrota lenger.

Og det har ikkje akkurat hjelpt Støre. Ein burde stille spørsmålet; er han rett mann til å leie Arbeiderpartiet?

Nei, nå er Ap verkeleg i skvis.

Om eit snautt år er det lokalvalg. Det burde uroe partiet sine fotfolk.

Innlegget er forkortet. Red.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.