Noreg står i eit demokratisk underskot, og er stengt ute frå dei viktigaste slutningane. Me kan berre koma med innspel, og driva lobbyverksemd i gangane i Brussel. Dette er ikkje nok. Det er høgt på tide at me er i rommet der det skjer med våre eigne ministrar og har vore eigne folkevalde til EU-parlamentet.

No skal EU til å ta enda ein viktig slutning som kan påverka Noreg. ACER, EUs energibyrå, skal sjå på moglegheiter for å reformera straummarknaden. Noreg får koma med innspel, men me kunne hatt mykje større påverknad viss me kunne stått i rommet der slutningane vart nådd. Då kunne me sikra at det vart tatt omsyn til norske bekymringar.

Krigen i Ukraina er også ei påminning om at me står forsvarslause åleine, men sterke saman. Me er alle klar over at det norske forsvaret ikkje greier seg utan hjelp frå andre land. EU tenkar framover, og har byrja eit forsvarssamarbeid. Det er ingen garanti at Noreg får vera med her sjølv om me får samarbeida med NATO-landa. Då kan me enda opp med å stå utanfor det viktigaste militærsamarbeidet i Europa.

Klimameldingane vert dystrare og dystrare. Me kan gjera alt me kan i Noreg, og det er viktig, men me greier ikkje stoppa utsleppa åleine. Flyktningstraumane kjem fortsatt, og me må ha gode måtar å hjelpa sårbare menneske. Det er også større fare for epidemiar og pandemiar enn nokon gong. Sjølv om korona er noko me i Noreg kjenner oss ferdige med, så betyr ikkje det at me er ferdige med virussjukdommar framover. Dette er problem me ikkje kan ta hand om åleine, men som me treng internasjonalt samarbeid for å takla.

EU er vår beste hjelp her i Europa for å handtera større og meir komplekse problem som kjem, men då må me vera der det skjer.

Hva mener du? Du kan sende et debattinnlegg til debatt@fvn.no

Innlegget må være minst 1000 tegn, og kunne stå for seg selv.

Les mer her om hvordan du skriver et godt debattinnlegg.