Bondehærane i Songdalen og Kristiansand heve fyra opp på vardane og kvessa våpna. Dei talar for rettferd og folkestyre.
Nokre av dei ivrigaste i utkantane samlar folk frå alle krokar, for å tale om ting som har vorte verre dei siste åra, og kva som kan bli betre.
Likevel, byhæren er mykje større. Dei har med seg eit fleirtal frå det lokale tinget, KS, hovdingar frå andre delar av Agder, og dei som risser runer i Bodstikka Fvn. Maktfordelinga mellom dei to hærene, er som David mot Goliat.
Den siste tida heve begge hærane gjort framsteg på ymse vis. Dei som representerer fleirtalet i Kaupangen, heve sett seg i langkjerrene og drege til hovudstaden i Viken. Der heve dei møtt dei som sit med makta. Møtene skal ha vore harde. Utsendingane har bore fram bodskapen med kvasse ord og sinte augo. Dei heve nærast krevd at dei som sit med makta, skal gje opp heile saka.
Heimferda for utsendingane har truleg vore tung. Med øresus i hovuda og skallebank, heve dei freista å overtyde sine eigne i Kaupangen om at dei gjorde så godt dei kunne.
Samstundes reiste fire menn får bondehærane i Songdalen og Søgne innover og møtte dei som sit med makta. Dei reiste med gode argument, audmjuk åtferd og mykje vit, for å leggje fram sitt syn på saka. Dei tala vel, vart godt mottekne og fekk mat og drykk i eit stort hov. Resultatet vart difor særs godt. Det blir folkeavrøysting, og dersom det blir fleirtal for å skilje lag, så blir Songdalen og Søgne eigne kommunar.