Framføre valet i 2021, hadde AP og Sp mange gode og dyre løfter. Det var oppløysing av kommunar og fylke og ikkje minst «vanleg folk sin tur». Regjeringa Støre fekk makta i oktober 2021. Rett etterpå kom ei ny bølgje av korona som skulle taklast. Men åtaket Russland gjorde på Ukraina i februar 2022 endra livet vårt totalt. Men Sp ser ikkje ut til å ha oppdaga det. Partiet har fått gjennom oppløysing av tre nye fylker. Prisen er om la ein milliard kroner.

Og Kristiansand kan også bli til tre kommunar. Pris 400 millionar kroner. Ved valet nå gjekk både Sp og Ap attende. Folk bryr seg ikkje om valløftene frå 2021. Folk ser kva regjeringa har gjort som møter oss i den vanleg kvardagen. 1. Høgare prisar på drivstoff. Regjeringa kunne sett ned avgiftene. 2. Dyrare mat. Regjeringa kunne sett ned momsen. 3. Auka pris på straum. Regjeringa kunne styrt prisane betre. Og utgiftene stig for alle. Dei med minst pengar, kjenner denne prisauken mest.

Ap skal setje ned eit utval for å sjå kva som gjekk gale ved valet. Det utvalet kan gå inn i ein butikk og kjøpe mat for ei veke. På vegen til butikken bør dei fylle drivstoff på tanken. Her er svaret på kvifor valet gjekk som det gjorde.

Folk gir blaffen i nye fylker når dei snaut har pengar til mat. AP og SP gjekk attende både i Søgne og Songdalen. Ei klar melding om at det er ikkje oppløysing av Kristiansand som er viktig for folk her i byen. Og det skal kome eit nytt kontor for politiet i ei eller anna bygd, men bryr folk seg om det? Nei!

Kort sagt, ein del av løftene framføre valet i 2021 er gått ut på dato. Det har regjeringa ikkje fått med seg. Høgre gjorde eit godt val utan å seie noko om prisane på mat, drivstoff eller straum. Det ser ut til at partiet vann fordi Høgre sa ingenting om korleis dei vil betre levekåra til folk. Høgre lova lite og ingenting om at landet burde få fort rå er, ha eit felles straumnett. Kanskje har Høgre lært på alle valløfta til AP og SP som ikkje let seg gjennomføre?