I Kristiansand vil partiet senke og på sikt fjerne eigedomsskatten. Dette er eit ærleg standpunkt, men berre dersom dei fortel oss kvar dei vil kutte. Så langt i valkampen har vi høyrt lite om korleis dei vil få plass til skattelette i eit svært stramt kommunebudsjett.

Eit parti som marknadsfører seg som styringsparti, bør vere i stand til å innsjå at mindre pengar inn er mindre midlar til nødvendige tiltak. Vi snakkar her om eit kommunebudsjett som alt er kutta til beinet og vel så det, så veljarane fortener å få vite kvar Høgre meiner det er rom for ytarlege kutt. Eller er det slik at styringspartiet berre blundar og vonar på det beste?

Høgre prøver gjerne å vri seg unna slike debattar med lause frasar om effektivisering og sparing. Den ideologiske standardløysinga er kommersialisering. Men i Kristiansand har vi nyleg fått tal som viser at offentleg-kommersielt samarbeid kostar meir enn det smakar, så det er ikkje så lett å sleppe unna nødvendige prioriteringar med ideologiske frasar om velsigninga ved å kommersialisere tenestene.

Det er å lure veljarane når Høgre lovar skattelette utan å vise kvar dei skal ta pengane i frå. Men ordførarkandidat Mathias Bernander veit råd. Han satsar på å gjere valkampen til ein diskusjon om kaos for å sleppe å snakke om kvar dei har planar om å kutte.