Eg meiner og K3 var ei betre løysing enn K5.

Det eg lurer på er om ein burde hatt kommunedelsutval i K3, slik dei var føreslått i K5. Men korleis kommunen skal organiserast er noko som kan bestemmast ulikt til kvar tid. Verre er det med grenseendringar.

Eg må seie eg er litt forvirra over korleis regjeringa brukar inndelingslova, og stiller spørsmål ved om den blir brukt rett. Brukar ein her lova, som ein del av ein omkamp, saman med aksjonistar i Søgne, for å løyse opp ein kommune ein var ueining i vart samanslått av stortinget i 2017? Det er eit dristig spørsmål, men eg meiner det er godt begrunna.

I Norge har vi lover som har bestemte intensjonar om å verte brukt i bestemte situasjonar. Det er misbruk av ei lov dersom ein brukar den på ein måte det ikkje er dekning for.

I formålsparagrafen til inndelingslova står det:

«Endringar i kommune og fylkesinndelinga bør medverke til å skape formålstenlege einingar som kan gi innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning. Verksemda etter denne lova skal byggje på prinsippet om lokal medverknad og initiativrett til grenseendringar»

Det står vidare ein god del om deling, justering av grenser og fastsetting av grenser. Eg forstår lova slik at den skal endre grenser som ikkje er regulert etter kommunelova, og som kommunen skal ha råderett over. Spørsmål er såleis om oppløysing av ein kommune eller å oppretthalde grenser i ein kommune, ligg utanfor inndelingslova. Det er godt mogeleg eg tar feil her, og mi tolking er ikkje basert på juridisk spisskompetanse, men det undra meg at regjeringa kan bruke lova på ein slik måte ein gjer i Kristiansand.

Det står og at ei justering av grensene skal gjerast i samarbeid med kommunen. Det står ikkje at det lokale sjølvstyre skal opphevast. Eg har lest inndelingslova to gonger og lurar på om måten regjeringa har handla på, er eit brot på lova.

Ikkje har regjeringa hatt adekvat kontakt med kommunen, og rådført seg med den. Tvert om har det skjedd ei bevisst vald overkøyring. Måten det er gjort kan opplevast som ei tvangsoppløysing i motsetnad til tvangssamanslåing. Ved tvangssamanslåing var det lange prosessar lokalt, med rådgjevande folkeavrøysting. Kommunale folkevalde representantar fekk seie si meining og deretter fatta regjering og storting forslag og endeleg vedtak.

I denne saka vi no står i, er dei kommunale vedtak heilt sett til sides. Ei folkeavrøysting skal pressast gjennom, til og med mot lokaldemokratiet si meining. Dersom kommunens folkevalde seier nei, vurderer regjeringa å gjere det frå sentralt hald.

I ein lovleg oppretta kommune skal vidare oppløysing avgjerast gjennom folkeavrøysting med simpelt fleirtal, og ei regjering som i prinsippet er mot tvangssamanslåing, vil tvangsoppløyse, mot fleirtalet av noverande kommunale representantar for folket.

Folk i gamle Kristiansand fekk ikkje seie si meining ved kommunesamanslåing og får heller ikkje seie si meining no. Folkeavrøystinga gjeld ikkje som rådgjevande, og kommunestyret vert sett til sides.

Folkeavrøystinga gjeld ikkje som rådgjevande, og kommunestyret vert sett til sides.

Det har vore mange folkeavrøystingar i Norge der simpelt fleirtal om noko likevel er sett til sides av dei kommunale representantane, fordi vi har eit indirekte demokrati. Det har vore ein klar regel om at folket skal spørjast, men dei folkevalde skal avgjere spørsmål. Om regjering og storting er ueinige skal dei kunne gjere anna vedtak, men det skal brukast rett lov og det skal skje med medverknad frå det lokalt folkevalde demokrati.

Eg kan ikkje forstå korleis regjeringa kan seie dei brukar lova rett i denne samanheng.

Eg kan heller ikkje forstå korleis dei ivaretek lokaldemokratiet med den framferd dei har i denne saka. Ved å seie at «simpelt fleirtal» skal gjelde for avgjer, fråtek dei det lokale demokratiet å seie si meining, og held dei for narr.

Personleg opplever eg dette som ein ny praksis frå regjeringa, og det er all grunn til å spørje om regjeringa bryt grunnleggande prinsipp for eit godt fungerande demokrati. At verken statsministeren eller kommunalministeren utvekslar/rådfører seg med sine folkevalde lokalt, er oppsiktsvekkande. Det vitnar om at ein rir nokre politiske kjepphestar sentralt på ein måte eg tvilar på held med omsyn til alminneleg aksepterte ideal og reglar for lokaldemokratiet. I staden går ein utanom lokale politikarar og køyrer sitt eige laup saman med aksjonistar.

Eg kan ikkje sei at eg lier det, og vert usikker på om eg kan ha tillit til ei slik leiing av landet.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.