Omsynet til kristne verdiar gjorde at ein ikkje skulle banne i NRK. Men i vår tid treng ein ikkje ta omsyn til desse verdiane. Banning er vanleg i program i NRK. I vår tid har me utvikla eit syn der ein offentleg ikkje skal såre nokon, eit syn eg er heilt einig i. Det blir ein parodi for meg når ein om hudfarge ikkje bør seie svart, brun, gul eller kvit om personar fordi det er sårande for dei, men banne er lov.

Det er berre sarte damer på Sørlandet som bli lei seg av banninga. Det er slutt med å skrive og seie f.Kr og e.Kr fordi så mange ikkje trur på Gud. Nei, NRK skriv e.v.t eller f.v.t., før eller etter vår tidsrekning, Men banne kan ein, det sårar berre nokre gamle menn på Vestlandet.

Skeive personar må snakkast fint om, men banne kan ein, det sårar berre nokre ungdommar i Rogaland. Når kjønnet er uklart, skal ein seie hen til eller om dei, men banne kan ein, det sårar berre nokre få i Flekkefjord.

Programmet Debatten kunne ikkje diskutere bruk av hijab, det ville vore sårande for ein del personar, men banne kan ein, det sårar berre nokre få i Kristiansand. Kanalen må ikkje seie noko negativt om islam og profeten Muhammed, men det er fritt fram for å banne.

NRK bryr seg ikkje om at me er ein del folk som ikkje likar banning i statskanalen. Det kan ikkje vere såleis i Noreg at ein tek omsyn verdiane til alle andre grupper, men ikkje til kjenslene til folk som trur på Gud. NRK er blitt ein parodi på sine eigne haldningar. Dei frigjorde folka som er så dyktige til ikkje å såre andre enn kristne, burde snart få slutt med banning i NRK sine program.

Hva mener du? Du kan sende et debattinnlegg til debatt@fvn.no

Innlegget må være minst 1000 tegn, og kunne stå for seg selv.

Les mer her om hvordan du skriver et godt debattinnlegg.