«Bli ikkje trælka av Mammon (pengane)», står det i Bibelen. Før hadde nokre av dei rike pengane sine i sveitsiske bankar. Desse pengane var tente i utlandet. Pengane vart ikkje henta heim fordi eigarane ville ikkje betale skatt av dei. Eigarane budde i Noreg. Dei mest kjende personane med pengar i utlandet, var skipsreiarane Anders Jahre og Hilmar Reksten. Både Jahre og Reksten gav titals millionar kroner til byane dei budde i, Sandefjord og Bergen. På sin måte ytte dei ein del til fellesskapet. Og folk flest trudde på Gud og hugsa det dei hadde lært i kristendom på skulen. «Kva gagnar det eit menneskje om han vinn heile verda, men tapar sjela si? Menneskja lever ikkje av brød åleine».

I dag flyttar nordmenn til Sveits fordi dei då får rimelegare skattar. Pengane har dei tent i Noreg. Og dei tener framleis mesteparten av pengane sine i Noreg. Dei vil gi minst muleg til fellesskapet, derfor bur dei i Sveits. Det eg tykkjer er verst er dei som har flytta, som har blitt rike ved å selje tenester til stat og kommune.

Dei rike har alltid gjort det som passar dei best. Det er vanlege folk som betalar mest skatt. Har dei rike fått for dårleg undervisning i kristendom? I dag trur under halvparten av folket på Gud. Er det derfor me har fått rike folk som flyktar frå skatten til fellesskapet? Sveits er landet der ein trygt kan dyrke Mammon.

Innlegget er forkortet. Red.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.