Det er ikkje likt Høyre, som eg kjenner partiet, at ein skal forby alt ein ikkje liker.

Kva er så Sørlandsnyhetene? Da trur eg vi må se tilbake, og tenkje over kvifor denne FB-sida vart til. Der var einskilde politikarar ved førre kommuneval som ikkje var i takt med veljarane på grasrota. Dette meiner eg var noko av årsaken til at denne sida vart til.

Ho har skapt mykje uro.

Det er ikkje nyheiter av dette slaget eg bruker å kaste meg over, men eg er klar over at innhaldet til tider har vore «langt over streken». Det er ikkje god folkeskikk å kommentere på den måten, og eg tek avstand frå det.

Når folk er misnøgde med politikken, popper det opp ein flora av parti for særinteresser. Det fekk dei erfare i Kristiansand.

Det er ikkje ulovleg. Det er ein del av demokratiet.

Men det var vanskeleg å få eit styringsdyktig fleirtal i bystyret. Det vart ein merkeleg koalisjon, må ein ha lov å seie, som Jan Oddvar Skisland vart ordførar for.

Denne har prega bystyret i Kristiansand i denne perioden. Ein kan like det, eller ikkje, men i år er det 19 lister å velje mellom i denne byen.

Så var Gunnar Stavrum ute i samme ærend som Bernander. «Sørlandsnyhetene» måtte stoppast. Nå er det slik at den samme Stavrum vil starte nettavis i Kristiansand, og konkurrere med Fvn.

Det er ingen dårleg ide, men skal dei to ha eineretten på sanninga?

Skal dei ha ytringsfridom og ikkje andre? Dette skurrer.

Ein må vere klar over at der er mange nyheitskjelder der ute, og folk finn dei.

Det er nok av fake news, vil mange seie. Men der kan og vere anna nytt enn det som er «opplest og vedtatt» som korrekt politikk i Noreg, som vi nok kunne ha godt av å få med oss.

Litt motvekt er sunt.