Kommunane må tilsette personar som kan hjelpe dei eldre, som møter veggen i dataverda. I regjeringa Solberg var det ein eldreministar. Vedkommande skulle sjå til at dei eldre fekk den hjelpa dei trong.

Me, eldre, er ei trufast gruppe. Me likar ikkje å skifte bank, forsikring eller straumselskap. Då skulle ein tru at desse selskap tek omsyn til dette. Men selskapa ser ofte ut til å utnytte dei eldre sin manglande kompetanse i data. Regjeringa, med Jonas og Trygve, seier at me får dekka 90 prosent av utgiftene våre til straum. Dei lyg ikkje, men dei fortel ikkje heile sanninga. Du får ikkje dekka 90 prosent av straumprisen, men 90 prosent av spotprisen.

Eg har hatt ein avtale om straum med LOS frå 07.01.2002. Siste rekninga var på 5699.07 kroner. Nå har eg fått sjekka LOS. Eg har ein avtale om flytande straum som var mykje dyrare enn spotprisen. LOS sjølv skriv på nettet at det løner seg å ha spotpris på straum.

Eg har trudd på LOS og regjeringa. Det er stat , fylke og kommunar som eig selskapet. I styret sit personar som er valde av politikarar. Derfor har eg til nå trudd at LOS alltid sørga for at eg hadde ein best muleg avtale. Men LOS skal først og fremst tene pengar. Kva som er god moral, ser ut til å kome i andre rekke.

Staten eig 59 prosent av Telenor. Telenor skal gi god avkastning. Eg trudde eg kunne stole på at Telenor selde til meg berre dei produkta eg hadde bruk for. Då eg kjøpte ny mobil, fekk eg beskjed om at eg abonnerte på og betalte for noko eg ikkje hadde bruk for. Seinare har eg snakka med fleire eldre som har ei likande oppleving med Telenor.

LOS og Telenor gir tilbod på nettet. Staten, kommunar og fylke ser ikkje ironien i at dei må hjelpe dei eldre som er kundar i desse selskapa. Hjelpe dei eldre frå å bli utnytta av selskap det offentleg eig.

Kva om regjeringa stilte følgjande krav til selskapa: Gi alle det beste abonnementet. Det er trist dersom selskap eigde av staten, utnyttar eldre personar sin manglande kunnskap. Og statsministeren og finansministeren må seie heile sanninga. Kan me stille krav til privat eigde selskap? Svaret ser du på prisane på mat. Kanskje bør kommunen til ei kvar tid ha ei liste som hjelper dei eldre med kvar det løner seg å handle mat?

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.