Mange vil seie at bonden tener godt nok. Mange bønder med større bruk, gjer vel det. Men på Sør- og Vestlandet er der mange små og medelstore bruk. For dei er nok ikkje årsløna så høg.

Det kjem også an på kvar dei er i satsinga. Har dei eit moderne anlegg, og lite gjeld, så klarer dei seg. Andre som lurer på om dei skal overta ein gard, eller oppgradere ein dei har, treng ei betre inntekt for at dei skal gjere det.

Så kjem ei anna side av jordbruksoppgjeret. Kva med sjølvberginga? Ho er dårleg nok som ho er!

Og om eg skulle driste meg til eit klimasynspunkt her, så skal eg komme godt ut av det! Dei seier landbruket forureiner. Og går du langt nok til venstre i politikken, så meiner dei at vi ikkje skal ete kjøt.

Ja, eg veit godt at korn og grønsaker kan vere god føde for menneska, og at vi får meir att av det vi dyrker når vi ikkje sender det gjennom dyremagen. Men gras er det vel berre dyra som får noko att for å ete? Ikkje gløym det! Og gras er mange stader det einaste ein kan dyrke.

Kva med sauen? Den veks for ein stor del av det han kan finne på heia. Er ikkje det bra, då?

Nok eit argument for å drive med kjøtproduksjon i Noreg har og med klimaet å gjere. Er det betre å importere kjøt og grønsaker frå utlandet? Med fly? Da er det vel snautt klimarekneskapen går opp.

Til slutt vil eg nemne at eit velpleid kulturlandskap har ein stor verdi.

Eg vil og ta med arbeidsplassane som jordbruk gjev, på plussida.

Om 10,15 milliardar er nok for å redde landbruket i Noreg, det kan eg ikkje vurdere. Det verker som staten har tøygd seg langt. Ikkje heilt uventa med Sp i regjering. Men det er kanskje ikkje nok, dersom ein venter satsing på jordbruk i tida som kjem. Og det bør ein dersom ein skal få til meir av sjølvberging.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.