Her siterer Fjermeros Jürgen Habermas som meiner at Vesten bør forhandle med Russland same kva Ukraina meiner.

Den engelske statsministaren forhandla med Hitler i 1938. Hitler fekk Sudetenland, ein del av Tsjekkoslovakia, for å hindre krig i Europa. Statsministaren kalla avtalen som grunnlaget for «fred i vår tid». Me veit alle korleis det enda.

Vil Rødt forhandle med Russland, same kva Ukraina vil? Rødt vil ha fred i Ukraina. Det vil alle. Putin kan dra styrkane sine attende til grensene i 2014, og då blir det fred med ein gong. Kor stor del av Ukraina vil Rødt gi til Russland? 5 prosent, 10 prosent eller 20 prosent? Rødt vil som det einaste partiet i Noreg, ikkje gi militær hjelp til Ukraina. Hadde alle land følgt Rødt sitt syn, hadde Ukraina i dag vore ein provins i Russland.

Rødt prøvar å forklare det uforklarlege: Korleis kan Ukraina overleve ein krig mot Putin utan å få hjelp frå Vesten? Fjermeros sitere den tyske generalen Harald Kujat. Han set spørsmålsteikn ved å sende for mykje våpen. Fjermeros stolar på tyske generalar. Flott! Eg vil berre minne han på at tyske generalar i 1917 sende Lenin frå Sveits til St. Petersburg. Dei utstyrte Lenin med nok pengar slik at han kunne lage revolusjon i Russland. Mellom 10-30 millionar personar mista livet under det kommunistiske styret i Sovjet. Tyske generalar med si handling, har noko av ansvaret for det kommunistiske tyranniet i Sovjet. I det neste innlegget sitt bør Fjermeros og Rødt vere heilt konkrete på korleis eit fredsavtale med Putin kan sjå ut.

Hva mener du? Du kan sende et debattinnlegg til debatt@fvn.no

Innlegget må være minst 1000 tegn, og kunne stå for seg selv.

Les mer her om hvordan du skriver et godt debattinnlegg.