Når eg les din kommentar Udjus, så meiner altså du at det er Venstre, partiet i Lindesnes med høgast prosentvise framgang i kommunevalet som er vinnar av kommunevalet.

I tillegg kan det sjå ut til at du meiner det er Venstre som representerer folkeviljen, med grunngjeving i at Venstre har høgast prosentvise framgang .

Skjøn det den som kan.

Eg meiner alltid at vinnaren må være det partiet som får flest røyster, og så langt eg kan lese resultata frå valet i Lindesnes, er det Fremskrittspartiet som har fått flest røyster, og ikkje Venstre. Fremskrittspartiet har fått 23,5 % av røystene og Venstre 14,8 % av røystene.

Venstre gjeng fram i høve valet i 2019 med pluss 10,6 % og Fremskrittspartiet gjeng attende med minus 3,2% , med dette som grunngjeving, utropar du Venstre til vinnar av valet i Lindesnes . Sjølv om Fremskrittspartiet har langt fleire røyster i valet enn Venstre.

Skjøn det den som kan.

Det at Fremskrittspartiet som største parti, finn saman med Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet og INP, for å velje ordførar og konstituere kommunestyret. I tillegg vert partia einige om nokre politiske overskrifter.

Dette kan da ikkje være ein sensasjon, Udjus?

Sjå til Sandnes i Rogaland, der har Arbeiderpartiet sin ordførar gjennom fleire periodar samarbeida med Fremskrittspartiet. Dei fleste kommunane i Noreg vert styrte etter formannskapslova (Ikkje parlamentarismen). Formannskapslova vart innførd for at det demokratiske prinsippet frå Grunnlova, også skulle gjelde for det lokale styret.

Kommunepolitikken vert av den grunn litt annleis enn den nasjonale politikken, som vert styrt etter parlamentarismen. I min verden er det eit samla kommunestyre, med mange parti, som representerer den samla folkeviljen i ein kommune og i anden etter formannskapslova, skal styre kommunen til alle sitt beste.