Vi har ikkje noko ukultur i forsvaret, var det første som vart sagt.

Nei, det er langt frå dei menige på brakka og opp til forsvarssjefens bord. Kan det vere slik at varsla forsvinn på vegen?

Hadde ikkje Knut Storberget gått ut så hardt som han gjorde, så hadde dei nok ikkje stilt opp sundag kveld, heller. På laurdagskvelden takka forsvarssjefen nei.

For meg ser det ut som at likestillinga i samfunnet er vanskeleg å takle for gutar og menn. Når kvinner kjem inn på så reint mannsdominerte felt som militæret, mister mennene noko av si overlegenheit, og tyr til den makta dei har att. Noko av det same høyrde vi om frå Politihøgskulen for nokre år sidan.

Veldig modig gjort av Silje å stå fram med det ho hadde opplevd. Det kan ikkje ha vore lett.

Kven skulle ho så ha varsla om trakasseringa?

Den næraste blir troppsjefen, trur eg (eller kanskje ein tillitsvald), og han er nærast «en av gutta», så her vert det truleg ord mot ord.

Men for henne som blir mobba, er det ille. Ho vert tvinga til å bu, åleine jente, på rom med 4 gutar.

Menig Silje må gå tenesteveg. Ho kan ikkje klage direkte til dei høge herrar. Det kan se ut som at der ikkje er hjelp i å seie frå om den grove trakasseringa.

Etter intervjuet med Silje, retta Dagsrevyen spørsmålet til bataljonsjefen, ei kvinne. Det var flaue greier. Kanskje ho har måtte teie for å komme så høgt i militær grad?

Her har Eirik Kristoffersen ein jobb å gjere.

Å snu denne trenden er ikkje lett, for det ser ut til å liggje nedfelt i naturen vår, at mennene er skapt for å herske. Kan dei ikkje få overtaket på andre måtar, så blir det med slibrige kommentarar og i verste fall voldtekt.

Sjefen gjekk så langt som å seie: «Slik kan vi ikkje ha det! Det skal vere trygt å sende unge jenter og gutar til teneste i forsvaret.» Sjølvsagt skal det det!

Men eg trur at det tek tid å snu noko så rotfesta som gutar sin natur og haldningar på dette feltet.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.