Personleg er eg litt pragmatisk i dette spørsmålet, og nytten av samanslåinga er viktigare enn prinsippa om kommunegrenser. Likevel er mitt fokus her på prosessen for avgjera. Det var ingen tvil om at Søgne kommunestyre ikkje ønskte samanslåing med K5 og Songdalen aleine. At ein så opna opp for forhandlingar om K3, var eit resultat av pragmatisk politikk.

Saka gjekk vidare til fylkesmannen, som gjekk inn for samanslåing mellom dei 3 kommunane, med bakgrunn i at fleirtalet i Songdalen var, for eigen del, for samanslåing og Søgne mot. Fylkesmannen tolka vedtaket som 2 for og 1 mot. Dette var det politisk dekning for i 2017. Det var såleis ei samla regional politisk vurdering som vann, framfor at lokaldemokratiet i Søgne skulle bli høyrt. Spørsmålet har så vore om stortinget kunne overstyre Søgne kommunestyre. Det kan det naturlegvis. Stortinget er landets øvste organ.

Når dette blir framstilt som heilt spesielt i nasjonal samanheng, undrar det meg. Historikken seier noko anna. Det var 14 kommunar i 2017 som vart tvangssamanslått. Det var og tilfelle der dei måtte skifte fylke. Og det var og er Stortinget som har det siste ordet, saman med, eller mot den enkelte kommune. Ein kan vere for eller mot dette, men slik fungerer vårt folkevalde demokrati. Korleis synet på dette er i Stortinget i dag, veit eg ikkje.

No står spørsmålet om regjering og storting vil overstyre kommunestyret i Kristiansand, eller støtte eit aksjonsdemokrati i ein av bydelane.

Mi meining i denne debatten er at det representative demokratiet bør bestemme, saman med Stortinget, og at ein ved ei eventuell rådgivande folkeavrøysting bør knytte eit tydeleg krav om svar frå folket – i bydelane Søgne og Songdalen. 3 prosent fleirtal i Søgne for oppløysing, i ei meiningsmåling frå Fvn nyleg, er ikkje tydeleg nok. I Songdalen var det 13 prosent fleirtal for å bli i Kristiansand.

Poenget i denne artikkelen er at å bruke simpelt fleirtal i to bydelar av Kristiansand vil vere ei overkøyring av dei folkevalde og innbyggarane i gamle Kristiansand. Dersom det, på den andre sida, vert 10-12 prosent fleirtal for oppdeling i ei folkeavrøysting i kommunedelane Søgne og Songdalen, stiller saka seg annleis. Då vil det vere rimeleg å verte høyrt.

Å bruke simpelt fleirtal i to bydelar av Kristiansand vil vere ei overkøyring av dei folkevalde og innbyggarane i gamle Kristiansand.

I ein kommune, som knapt nok er starta opp, vil eit tydeleg krav til fleirtal vere rimeleg å forvente, enten det skjer ved meiningsmåling eller folkeavrøysting.

Arbeidarpartiet har ei tydeleg forankring i synet på eit representativt demokrati, noko Senterpartiet og har, men slik eg har forstått, eit sterkare engasjement for folkeavrøysting i spørsmål om kommunesamanslåing. Korleis ein med eit slikt utgangspunkt likevel kan hamne i ein så tett «aksjonist-støttespelar-rolle» i ministerpost, og hevde at ei stemmes overvekt gir oppløysing, er for meg umogeleg å begripe.

Det sit ofte langt inne i prestisjefylte stillingar, å innrømme feil. Det forstår eg, men her meiner eg regjeringa ville vore tent med å rette opp sine utsegn. Å sette fleirtalet i eit representativt lokaldemokrati i spel med slike utsegn, nører opp om bombastiske og eintydige påstandar, om at faktagrunnlaget for dei politiske vedtak i stortinget i 2017 var feil.

Det som var feil i 2016, var at det burde vore med eit K3 som fjerde alternativ og forslag om bydelsutval. Når det likevel skjedde ei samanslåing, må ein sjå det i samanheng med kommunereforma den gongen, og pragmatisk politikk, framfor prinsipprytteri.

Konklusjonen er at eit krav om at eit simpelt fleirtal i bydelane Søgne og Songdalen, for oppløysing; skal vere vegleiande, vil vere ei endå grovare overkøyring av det representative lokaldemokratiet, enn det som vart gjort mot Søgne i 2017.

Å ta omvegen om ei høyring i gamle Kristiansand om deira syn på kommuneoppløysing, vil heller ikkje vere av vegen, slik dei gjorde i Ålesund. Haram ønskte deling, med eit tydeleg fleirtal (ca 70 prosent). Ålesund sa Ja, men regjeringa er uklar på utgiftsdekking.

Ein viktig forskjell på Kristiansand og Ålesund er at Søgne og Songdalen er naturleg knytt til Kristiansand, medan Haram er geografisk unaturleg tilknytt. Eg er ikkje imot aksjonsdemokrati, men det må vere ein balanse mellom det representative demokratiet når det er spørsmål om samanslåing eller deling av grenser. Det regjeringa kan lære av, i denne saka, og i etterkant, er at det er like viktig å ha ein tett dialog med dei lokale folkevalde i eigne parti, som med aksjonistar.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.