Landsdelen produserer mykje straum.

I Nord-Noreg let dei vatnet renne utanom turbinane. Det skuldast den låge prisen dei får på straumen. Noreg er ikkje eit straumrike.

Og kva har regjeringane gjort for å endre på det? Bondevik-regjeringa? Ingenting! Stoltenberg-regjeringa? Ingenting! Solberg-regjeringa? Ingenting! Og Støre? Han har sendt Strømnettsutvalget sin rapport ut på høyring.

Rapporten fortel at det vil ta frå fem til åtte år å bygge ut dei kraftlinene som ein treng for å få eit samla straumrike. Og dersom Støre-regjeringa ikkje handlar raskt, kan Sørlandet glede seg over å ha den dyraste straumen i landet i mange år framover.

Bondevik, Stoltenberg og Solberg bør stå fram og forklare seg dersom det blir rasjonering på straum. Spørsmålet er: Skal vanstyret av vasskrafta få halde fram?

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.