Difor finn eg det nødvendig å gi eit motsvar.

Av omsyn til plassavgrensing, må eg fokusere på det mest sentrale.

Amputert statistikk: For å tilbakevise den store auken av unge henvist for kjønnskorrigerande behandling, brukar Fredwall statistikk frå teamet ved Rikshospitalet. Alle i privat behandling derimot, rapportert av nettopp Benestad, er utelatt frå statistikken. Fordelinga av henhaldsvis jenter/gutar i statistikken, blir også dermed upåliteleg.

Den nye pasientpopulasjonen: Samanhengen mellom kjønnsinkongruens, psykiske lidingar og belastande livshendingar er godt underbygd av epidemiologiske studiar.

Også er det godt kjent at kjønnsinkongruens ofte er ein mellomstasjon på veg til ein trygg vaksen identitet som homofil eller lesbisk. Å unnlate å undersøke om kjønnsinkongruens kan vere ein respons på underliggande problem, er fagetisk uforsvarleg.

Avvising av berettiga bekymring/kritikk: Freistnad på ugyldiggjering av bekymring/kritikk av irreversibel medisinsk behandling ved å karakterisere den som konservativ, høgreradikal og hatefull er velkjent metode frå aktivistane. Om Fredwall orienterte seg i seriøse kunnskapskjelder, ville ho sjå at store internasjonale systematiske kunnskapsgjennomgangar har konkludert med manglande evidens for kjønnskorrigerande behandling. Det har medført at fleire europeiske land har endra behandlingstilnærminga overfor mindreårige med kjønnsinkongruens. Sverige, Finland og Storbritannia har no psykoterapi som førstevalet. Kun unntaksvis tilbys barn/unge behandling med hormonar og kirurgi når kjønnsdysforien har vore konsistent frå tidleg alder.

Viktig svensk lærdom: Nabolandet vårt har bråvendt i sin praksis og gått bort ifrå umiddelbar bekrefting av kjønnsinkongruens fordi; det er lite kunnskap om grunn for auke av pasientar, lite kunnskap om langsiktige konsekvensar av behandlinga og anger er vanlegare enn før antatt.

Den norske behandlingsretningslinja (2020): Denne er blitt kraftig kritisert av tunge fagmiljø som t.d Folkehelseinstituttet. Retningslinja bygg på rapporten «Rett til Rett Kjønn» som er utarbeidd av eit utval dominert av transaktivistar. Rapporten er ideologisk motivert, manglar dekking i evidensbasert forskning og manglar kunnskap om mindreårige.

Retningslinja gir risiko for at vi går motsett veg av fleire land i Europa; i ein situasjon der stadig fleire unge angrar irreversibel kjønnskorrigerande behandling. I Storbritannia der Tavistock-klinikken er vedtatt stengt pga. ideologisk malpraksis/manglande pasientsikkerheit, meldar britiske medier at tusen familier vil gå til gruppesøksmål for feilbehandling.

Tilråding: Pga. kunnskapsmangel behøver vi alle å vite meir om behandling av kjønnsinkongruens, dvs. at det gjeld fleire enn redaktøren. Vi treng kunnskap frå evidensbasert forskning. Ikkje frå aktivistprega misinformasjon.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.