Miljørørsla engasjerte seg mot forureining frå industrien som tok utfordringa. Bedriftene utvikla renseteknologi som fekk ein global marknad, og avfallsprodukt blei foredla til høgverdig materiale. I dag tenkjer dei fleste på produksjon og lagring av fornybar energi når vi snakkar om det grøne skiftet. Det er grunnfjellet i kampen mot klimautslepp. Men ein industristrategi for det grøne skiftet må vere breiare. Den må legge grunnlaget for ein allsidig og robust næringsstruktur.

I staden for å telje grøne arbeidsplassar må vi setje alt inn på å omstille heile industrien og finne vår plass i den internasjonale grøne marknaden.

For ein del år sida kappast politikarane om å love flest grøne jobbar. Men er det formålstenleg å dele industrien inn i grøne og svarte arbeidsplassar? Mange bedrifter leverer utstyr både til fornybar energi og til oljeindustrien. Og det er flytande grenser for kva som kan kallast eit grønt produkt eller ein grøn prosess. I staden for å telje grøne arbeidsplassar må vi setje alt inn på å omstille heile industrien og finne vår plass i den internasjonale grøne marknaden.

Det grøne skifte har dimensjonar som krev ein aktiv statleg næringspolitikk. Men vi er ikkje åleine om å tenkje slik. USA, EU og andre som har langt større økonomiske musklar enn Noreg, etablerer rause støtteordningar for å posisjonere seg i det grøne skiftet. Det har både positive og negative konsekvensar for norsk grøn industriutvikling. På den positive sida skaper den internasjonale satsinga nye grøne marknader for norsk industri. På den andre sida kan det vere krevjande å konkurrere med bedrifter som nyt godt av omfattande støtteordningar. Skal vi møte denne utfordringa må vi bygge på vår industritradisjon og satse på spesialisering og høgprisprodukt.

Regjeringa har annonsert at den vil levere ein grøn industripakke. Den bør ikkje avgrensast til produksjon, transport og lagring av fornybar energi, men ha som mål å legge til rette for ei brei grøn omstilling av norsk industri og næringsliv. Eit eksempel er bedrifter som satsar på resirkulering og gjenbruk. Eit anna eksempel er prosessindustrien som kan levere spesialiserte produkt med lågt klimafotavtrykk til fornybarsektoren. Samtidig står prosessindustrien for store klimautslepp og må utvikle ny teknologi for å avkarbonisere produksjonen. På global basis kan denne teknologien føre til omfattande reduksjon i utslepp av klimagassar.

Grøn industri er underlagt dei same marknadskreftene som anna industri. Investorar vil ha best mogeleg avkastning på investeringane sine. Staten må på si side løfte fram den grøne industrien på ein slik måte at fellesskapet over tid får tilbake det vi investerer i risikoavlastning og andre rammevilkår. Grøn industri bør også behandlast på lik linje med anna næringsverksemd når det gjeld krav til arbeidsforhold og ytre og indre miljø. Det er jo grøn industri i brei forstand som skal vere norma og redde klima og sysselsetting om nokre år.

Vi treng grøn industriutvikling her i landet for å nå klimamåla våre og kompensere for nedbygging av oljeindustrien. Men ingen enkelt bransje kan ta over etter olja. Vi må bygge ein robust industristruktur som står seg over tid. Den grøne industrien må finne sine nisjar og konkurransemessige fortrinn i dei framveksande grøne marknadene og verdikjedene.