Alle bilførarar har plikt til å vite at bilen er i køyrbar stand før bilturen startar. Derfor bør også bilføraren ha ansvar dersom det er ulovlege våpen eller narkotika i bilen. Politiet bør utstyrast med filmkamera slik at det aldri er tvil om at bilen frakta ulovlege varer. Stortinget må lage lovar som er slik at desse bilane blir knuste innan eit døger.

Mest kvar dag skjer knivstikking, skyting og anna vold i Oslo. Mange av gjerningspersonane er under 18 år. I staden for fengsel, bør dei utstyrast med fotlenke. Med fotlenke kan politiet til ei kvar tid sjå kor personen oppheld seg. Det vil gjere det vanskeleg å vere kriminell.

Stortinget kan la alt berre skure og gå. Då vil me få ein kriminalitet i Oslo som Stockholm den har nå. Dagleg skyting mellom kriminelle gjengar. Og svenske politikarar er utan handling. Men dei kunne knust bilane og brukt fotlenker på gjengmedlemmene. Då hadde dei raskt fått kontroll på dei kriminelle ungdommane.