Arbeidet som faggruppene har utførd vil danne grunnlag for kva tiltak statsforvaltaren vil anbefale miljødirektoratet å gjennomføre i dei nasjonale villreinområda. Medlemene i faggruppene er det statsforvaltaren som har peika ut. Statsforvaltaren var svært bevist på at i desse faggruppene måtte ein unngå å få med folk som har lokal kunnskap og godt lokalt skjøn.

Skal ein berre nytta ekspertgrupper og ignorere lokalkunnskapen og det lokale skjønet, slik statsforvaltaren legg opp til, taper villreinen og bygdene.

Valle kommune hadde faktisk forventa å få være med i arbeidet som statsforvaltaren fikk i oppdrag frå miljødirektoratet, om å utarbeide tiltaksplaner for villreinområda, denne forventninga sa statsforvaltaren nei til.

Valle kommunen møter ofte eit einsynt fokus på villrein. Me som kommune er oppteken av at det er to interesser som skal avvegas når villrein er tema. Det er å sikre villreinen sitt leveområde, samstundes som me skal sikre eit liv for bygdene, som ligg kring villreinfjella. Bygdene og villreinen har levd i sameksistens i generasjoner. Dette todelte fokus er kommunane ofte aleine om å målbere. Det er kommunen som har ansvaret for arealforvaltninga og staten for bestandsforvaltninga.

Det eg meiner det bør være ei felles haldning til og ei felles interesse for, er at villreinen fortener ei sterk nasjonal verdiforankring og ei samanhengande forvaltning.

Villreinområda i Valle kommune er, Setesdal vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei. 95% av vassressursane i Valle kommune vert nytta til å produsere straum. Av dette vatnet vert det produsert 2 milliardar kWh (2 TWh) årleg . Store areal i kommunen er bandlagd som verna vassdrag, landskapsvernområde etter naturmangfaldlova. 80% av kommunen sitt arealet, på 1265 km2, er bandlagd som Nasjonalt villreinområde og resten av arealet er bygdeutviklingssone. Det er i bygdeutviklingssona me bur og driv næring. Naturressursane i Valle vert nytta til beste for storsamfunnet enten til produksjon av straum eller som verdfull natur.

Klassifiseringa, etter trafikklysmetoden verker svært tilfeldig og lite gjennomtenkt. Trafikklysmetoden tek ikkje omsyn til kor forskjellig dei nasjonale villreinområda er frå naturen si side. Det å leggje same krav til slaktevekt, kalv pr 100 simle og lavbeite i Setesdal Vesthei og Forollhogna (Nord Østerdalen), kan umogleg være rett. Kvaliteten på beite er ganske forskjellig, Setesdal Vesthei kystnært og Forollhogna typisk innland.

Det å framstille villrein som ein raudlisteart, er fullstendig feil. Villreinen står ikkje på raudlista. Villreinen har fått status som nær truga. Det som ikkje vert fortalt er kvifor villreinen har fått status som nær truga. Villreinen reknast som nær truga med grunngjeving i at talet på villrein har minka sterkt, opp mot 15 %. Da må neste spørsmål verte. Kvifor har talet på villrein minka? Svaret er; Forvaltninga (Staten) har, for å utrydde skrantesjuka skote ned all villrein i Nordfjella , eldre bukk på Hardangervidda og prioritert auka avskyting av bukk. P g a denne nedskjotinga har talet på villrein i Noreg minka mykje. Dette har ikkje noko med lokale tilhøve å gjere, men ei villa handling frå forvaltninga (staten) si side. Det er noko ironisk det forvaltninga (staten) driv med. Måten å utrydde skrantesjuka på, er å utrydde villreinen. For å vite om villreinen har skrantesjuke må forvaltninga (staten) først avlive reinen.

Setesdal Vesthei Ryfylke (SVR) vart raud i klassifiseringa av villreinområde. Kvifor? Jo dårleg tilstand på leveområdet, fordi viktige trekkpassasjar har dårleg kvalitet eller er stengde.

Trekkpassasjane har dårleg tilstand, fordi området SVR er utbygd med store vassmagasiner som er store barrierar for villreinen si vandring i disse fjellområda. Det er nasjonal politikk som er årsaken og ikkje lokal bruk av heia.

Setesdal vesthei Ryfylke, saman med Hardangervidda, skåra og raudt på andel vaksen bukk i bestanden. Kvifor? Jo, fordi forvaltninga (staten) legg til rette for nedskyting av vaksen bukk, i kampen mot skrantesjuke. Igjen er det ikkje lokal politikk som er årsak til den dårlege tilstanden men forvaltninga, nasjonal politikk.

Atter ei gang ser me at det er lokalbefolkninga, lokalsamfunn og kommunar som må ta konsekvensane og betale rekninga for nasjonal politikk. Ved at vegar vert steng og tilgjenge til heiane som me har nytta oss av i generasjonar, vert sterkt innskrenka. Dette har konsekvensar for trivsel og næringsliv i bygdene. Me forventar at konsekvensane, for bygdefolk og næringsliv, av dei tiltaka som til slutt vert vald og satt i verk, vert utgreidd.

Enda verre vert det når statsforvaltaren seier at bygdefolk og kommunar ikkje kvalifiserte til å deltake i prosessen som no føregjeng i våre villreinfjell.

Det eg meiner det bør være ei felles haldning til og ei felles interesse for, er at villreinen fortener ei sterk nasjonal verdiforankring og ei samanhengande forvaltning. Dette for å sikre villreinen inn i framtida som art, oppleving og ein ressurs me hauster av. Samstundes fortener bygdene kring villreinfjella også ei framtid.