Regjeringa sitt framlegg bryt med ein hevdvunne veremåte at utbygging av transmisjonsnettet, stamvegane for straum, er noko me gjer saman i dette landet. Me delar kostnadane. At Udjus synes høyringsuttalen frå Arva er surrealistisk vert berre latterleg. I eit land der handelsoverskottet er på over 1500 milliardar kroner, og inntektene til staten langt høgare enn utgiftene, må det da vere mogleg å finne andre pengar til å stø norsk industri og bedrifter.

For å forstå det uføre me som nasjon er komen i, når det gjeld prisen på straum me sjølv produsere, i vårt eige land, må me attende til energilova av 1990 og det som skjedde i tida etter og dei små skritt som har ført oss inn i uføret me i dag er kome i. Dei små skritta er, organisering av Statnett marked i 1993, Nordpool i 1996, vedtaket om å drive handel med straum i Euro i 2003, så vart det sal til NASDAQ 2010 og sist salet til Euronex 2019. Til slutt kom mellomlandsforbindelsen til Storbritannia og Tyskland i 2021, dette auka eksportkapasiteten med 50 prosent.

Resultatet av alle desse små skritta gjer at me i dag har eit system for børsfastsetting av prisen på straum, der den høgste kWh- prisen i Europa bestemmer prisen på vår straum.

Norske politikarar, frå alle parti, har slept marknadsliberalismen inn på eit område der den ikkje høyrer heime og gitt marknadsliberalismen makt. Straum er og må være eit velferdsgode og ein innsatsfaktor for industri og bedrifter i vårt land.

Det at regjeringa gir straumstøtte og omfordeler flaskehalsinntekter, er berre for å kompensere for den  totalt mislykka politikken denne regjeringa fører. Høgre har heller ikkje noko alternativ til regjeringa sin politikk. Politikarar frå alle parti ser ut til å ha abdisert, med eit unnatak, Rødt.

Denne regjeringa har sett ned mange utval som har fått i oppdrag å utgreie straumpolitikken. Ingen  utval har gitt resultat. Slik gjeng det ofte når ein berre vel utvalgsmedlemmer som tenker som seg sjølve.

Alternativ energikommisjon som ikkje er oppnemnd av regjeringa, har komen med alternativ tenking.

  • Fortel EU at me vil ut av dette systemet. Der høgaste kWh pris som vert innmeld på børsen, styrer prisen og i vårt land.

  • Staten må take attende omsetningssentralen for straum. Slik det var med Statnett marked. Staten må ha kontroll med omsetninga av straum.

  • Reforhandle avtalen om mellomlandsforbindelsen med Storbritannia og Tyskland . Noreg må få styringa attende. Me kan levere balansekraft nå det ikkje bles i Storbritannia og ta imot straum når det bles, til ein avtalt pris.

Me treng politikarar som våger å ta tak i korleis straumprisen verkeleg fastsettast og søke strukturelle endringar. Politikarar som  våger å ta dette opp med EU. Utan strukturelle endringar på måten straumprisen vert fastsett, armar regjeringa ut  norsk industri, lokalsamfunn og distrikt. Me må få attende ein straumpris som speglar produksjonskostnaden.

Det som er naivt og surrealistisk er ein politisk redaktør som er fast i trua på at omfordeling av flaskehalsinntektene er det som skal løyse problema med høg og lite føreseieleg  straumprisar. Regjeringa har hatt tid til å ta tak i dei dei strukturelle tilhøva kring fastsetting av straumprisen, til nå har dei ikkje våga.

Takke meg til dei frå Arbeiderpartiet som forhandla da olja kom til landet. Dei forstod og synte at dei forhandla om norske ressursar, eigd av det norske folket.