Forskriftene er ute til høyring med frist 20.12.23, og eg er usikker på om den skal opp i stortinget utan drøfting. Det eg opplever er at stortinget hoppar for lettvint bukk over dei sjølvmotseiingar som ligg saka. Det er nettopp dette Kristiansand påpeikar i deira svar til høyringa. Kan partia på stortinget og Arbeidarpartiet sentralt verkeleg gå god for ein slik einsidig praksis knytt til gjennomføring av folkerøysting i lokaldemokratiet?

Dersom det politiske fleirtalet ikkje reagerer på denne smale høyringa blir eg svært overraska. Men det har eg blitt før, så det kan godt skje. Det er alarmerande for demokratiet. Ein ting er at stortinget fastslår at regjeringa kan gjennomføre ei utgreiing, dersom kommunen nektar det. Ei heilt anna sak er om stortinget godtar at regjeringa, utan å undersøke godt nok om praksisen er god nok, gitt demokratiske omsyn, og om den kjem i strid med intensjonen i Inndelingslova og kommunelova.

Etter mi, og eg trur, etter mange si meining, er forslaget udemokratisk av følgande grunnar. I Inndelingslova § 10, står det at det skal gjennomførast ei høyring av folket. I utgangspunktet må det bety heile folket, ikkje berre Søgne og Songdalen. Ein må og føresette at det skjer på forsvarleg vis. Kommunalministrane, nærast som ein dominoeffekt av kvarandre har sagt at det er simpelt fleirtal som gjeld. Minst mogleg fleirtal skal gjelde. Dette uansett prosent deltaking, uansett om digital avstemming har tillit i folket, og uansett om spørsmåla vert vurdert som akseptable av nokon utanforståande.

Regjeringa har no pressa gjennom ein rett til å gjennomføre ei digital høyring i Søgne og Songdalen, og vil halde folk frå Kristiansand utanfor. Folk i Kristiansand fekk ikkje uttale seg om samanslåinga og heller ikkje i delingssaka. Er det i tråd med intensjonane i Inndelingslova? Heile folkerøystinga er eit resultat av at Senterpartiet og Arbeidarpartiet meiner det var saksbehandlingsfeil i stortinget i 2017. Er dette noko stortinget og regjeringa kan meine er rett å la folk stemme over? Det ligg der uansett under saka og ulmar. Så lenge folkerøystinga ikkje vert gjennomført på ein god måte, vil den som regjeringa føreslår også berre føre til ulming.

Eg er derfor heilt ut einig med Kristiansand formannskap at nogjeldande forslag til forskrifter bør endrast. Etter mi meining litt meir slik dei gjorde, som ei meiningsmåling i heile Ålesund, før eller etter det opplegg ein har no i Kristiansand. I tillegg bør regjeringa konsultere, kommunen om ei slik gjennomføring, og at folkerøystinga vert gjort ved fysisk oppmøte, slik politikarane i Kristiansand ønsker. Dei har til og med uttrykt at dei kan vere behjelpeleg med å gjennomføre folkerøystinga på desse premiss. Det tredje er at den må vere representativ og i tråd med det ein kan rekne med er rimeleg for lokaldemokratiet. Det er kritikkverdig av om Kristiansands befolkning historisk sett bli halde utanfor, først i spørsmål rundt samanslåing, –og no deling. Dette kan ein gjere enkelt ved at ein endrar føreskriftene med at regjeringa kan pålegge kommunen folkerøysting, men og delegere til kommunen å gjennomføre den i tråd med demokratiske prinsipp.